Facebook ikon Twitter logo Print side

Endeleg er musikkterapi-teamet i gang!

Fjell kommune slo nyleg på stortromma og fleska til med heile to nye musikkterapistillingar i kommunen! Med allereie eksisterande stillingar i kulturskule, og eldreomsorg, er det svært gledeleg at kommunen ynskjer å gje fleire musikkterapitilbod til eldre og menneske med utviklingshemming.

Frå venstre; Camilla Hay, Guri Gjermstad Dypvik og Sandra Sognnes Thorstensen
Frå venstre; Camilla Hay, Guri Gjermstad Dypvik og Sandra Sognnes Thorstensen.

Kommunen ynskjer å tenke innovativt rundt musikkterapi, som inneber at musikkterapeutane arbeider på fleira nivå, både i direkte arbeid og i rettleiing. Musikkterapeutane vil slik gje tilbod innanfor ulike behandlingsledd (mellom anna heimeteneste, dagsenter, bufellesskap, opphald- og butilbod). Med utgangspunkt i det allereie eksisterande kommunale systemet innanfor helse- og omsorg, har me i musikkterapi-teamet, beståande av tre musikkterapeutar, utarbeida malar for henvisning, kartlegging og evaluering av det musikkterapeutiske tilbodet. Me har valt å starte med å arbeide metodisk, for å ha på plass eit godt rammeverk i ein ofte hektisk kvardag.

Me musikkterapeutar er blitt svært godt tatt imot i Fjell kommune, og det tydeleg at engasjementet for musikkterapi er stort, både på bakkeplan og på politisk nivå. Det er spanande å få arbeide i ein kommune der så mange viser interesse for faget og ynskjer å påvirke musikkterapiutviklinga. Vi håper at Fjell kommune si satsing på musikkterapi kan være til inspirasjon og nytte for andre kommunar som også ynskjer å satse på god implementering av musikkterapi innan helse og omsorg!

I musikkterapi-teamet har me sett klare målsettingar for vidare arbeid. Eit av desse måla er å utvikle eit felles musikkbibliotek for musikkterapeutar i eldreomsorga, kategorisert etter blant anna artistar, ulike tema for musikkterapigrupper og ulike større arrangement. Eit anna mål vil væra å utvikle gode malar for internundervisning både på institusjon og retta mot heimetenesta. Som eit langsiktig mål vil musikkterapien også væra ein del av eit lavterskeltilbod for heimebuande og deira pårørande.

Fjell kommune er deltakar i POLYFON; som er ei kunnskapsklynge som jobbar mot å styrke implementering og fagutvikling av musikkterapi. POLYFON arrangerer i november sin årlige musikkterapikonferanse. Der skal nye musikkterapi-teamet presentere satsingsarbeidet i Fjell kommune retta mot eldre og menneske med psykisk utviklingshemming.

Me ynskjer å inspirere til å skape ein meir heilskapleg omsorgskultur der den enkelte blir sett og høyrd! Å vere musikkterapeut er som å væra på skattejakt i ulike musikalske univers og livshistorier; og vi er priviligerte som arbeider i ein kommune som ynskjer å skape gode kvardager for sine innbyggere!

Tekst: Sandra Sognnes Thorstensen, Guri Gjermstad Dypvik og Camilla Hay


Publisert: 30.08.2018 07:21
Sist endret: 30.08.2018 07:28