Facebook ikon Twitter logo Print side

Endeleg resultat frå Fjell er klart

Litt etter klokka 23.30 var alle resultata frå Fjell melde inn. Det har vore god valoppslutnad om stortingsvalet i Fjell med 80,8 prosent. Dette er 1,2 prosentpoeng meir enn ved valet i 2013.

Her vert resultatet frå Bjorøyna levert inn.
Her vert resultatet frå Bjorøyna levert inn.


SV og Senterpartiet har størst framgang, men Høgre har framleis klart størst oppslutnad i Fjell. Høgre, Frp, Venstre og MDG ligg om lag på same nivå som ved sist val, medan Arbeidarpartiet og KrF har gått tilbake. Valoppslutnaden i Fjell har auka frå 79,6 i 2013 til 80,8 prosent i 2017. Valoppslutnaden på landsbasis er 77,3 prosent.

Dette året har det vore ei omlegging av valopptellinga. Då representantane frå valstyra kom inn med resultata, melde dei om at det elektroniske registreringssystemet fungerte svært godt.

Unni Rygg og dei andre medarbeidarane hjå Servicetorgsjefen tek imot den første krinsen som leverer inn resultata på Fjell rådhus. Leiar av røystestyret for Kolltveit, Gunnar Hannisdal (nr. to frå høgre) og Jan Helge Lie i røystestyret leverte inn dei nødvendige dokumenta.
Unni Rygg og dei andre medarbeidarane hjå Servicetorgsjefen tek imot den første krinsen som leverte inn resultata på Fjell rådhus, Kolltveit. Leiar av røystestyret, Gunnar Hannisdal (nr. to frå høgre), og Jan Helge Lie i røystestyret leverte inn dei nødvendige dokumenta.

Her kan du lesa valresultatet både på landsbasis-, fylke-, kommune- og krinsvis. For å finna resultat frå fylke, kommune og krins, trykk på "Bytt sted".

Her kan du lesa komplette resultat av førehandsrøystene i Fjell.

Også lokalpolitikarane i Fjell er opptekne av resultata. Her studerer nokre av dei resultatet av førehandsrøystene. Frå venstre; Anita Garlid Johannessen (FrP), Odd Bjarne Skogestad (KrF), Tom Georg Indrevik (H) og Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).
Også lokalpolitikarane i Fjell er opptekne av resultata. Her studerer nokre av dei resultatet av førehandsrøystene litt etter klokka 21. Frå venstre; Anita Garlid Johannessen (FrP), Odd Bjarne Skogestad (KrF), Tom Georg Indrevik (H) og Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).

Her er resultata i Fjell for dei største partia:

  • Høgre                    36,3    + 0,1
  • Arbeidarpartiet      19,0    - 2,1
  • Framstegspartiet   20,9    +0,1
  • KrF                         8,1     - 2,1
  • Venstre                   3,2    - 0,2
  • SV                          4,2    + 2,0
  • MDG                       2,1    + 0,2
  • Senterpartiet           3,7    + 1,9
  • Raudt                      1,0    + 0,7

Kolonne to viser endring i forhold til stortingsvalet i 2013.

Leiar av valstyret for Foldnes krins, Ole G. Fredheim.
Leiar av valstyret for Foldnes krins, Ole G. Fredheim.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

 


Publisert: 11.09.2017 23:41
Sist endret: 12.09.2017 00:13