Facebook ikon Twitter logo Print side

Endrar inntaksområde

Komité for drift og forvaltning (KDF) vedtok på tysdag å endra inntaksområda for Fjell ungdomsskule og Tranevågen ungdomsskule. Det vart også vedteke å endra inntaksområdet for fleire barneskular.

Tranevågen ungdomsskule er ein av dei skulane som får endra inntaksområdet.
Tranevågen ungdomsskule er ein av dei skulane som får endra inntaksområdet.

Det er endring i elevtalet som gjer det nødvendig å endra inntaksområda. Vedtaket inneber at elevane i sjuande trinn på Knappskog skule skal gå på Fjell ungdomsskule når dei tek til i åttande trinn i august 2019. Inntaksområdet frå Tranevågen ungdomsskule vert tilsvarande endra, og vil frå hausten ha elevar frå Landro, Skålevik, Ulveset og Ågotnes.

Som følgje av endring i busetnad og naturleg utvikling og at Liljevatnet skule vert lagd ned frå hausten av og elevane overførte til Brattholmen skule, vart det vedteke å endra inntaksområda for Hjelteryggen skule, Brattholmen skule, Foldnes skule, Kolltveit skule og Knappskog skule.

Endringane vert slik for skuleåret 2019/2020:

  • Inntaksområdet til Hjelteryggen skule vert auka med elevar frå Skulebakken, Blåsenborgvegen, Rennedalsvegen, Langebakken, Mustadbakken og Postvegen.
  • Inntaksområdet til Foldnes skule vert auka med elevar frå Gjertrudvegen, Haugen, Litlatræet, Bildøyvegen fram til austsida av gamle Bildøybrua og Sartorvegen.
  • Inntaksområdet til Brattholmen skule redusert tilsvarande.
  • Grensa i nord mellom Kolltveit- og Knappskog skular vert sett ved krysset Kolltveitvegen/Skjergardsvegen.

Endring av krinsgrensene for skuleåret 2019/2020 vil gjelda elevar frå nedlagde Liljevatnet skule som bur på adresser som no høyrer til Hjelteryggen skule, (Tona /Valen og alle adresser på Straumsfjellet høyrer til Brattholmen krins etter vedtak i kommunestyret 07.05.2018). Endringa gjeld også dei nye førsteklassingane som skal starta på Foldnes og Hjelteryggen skular.

Nedkjemping av barnefattigdom

KPU slutta seg til framlegget til inkluderingstilskot knytt til nedkjemping av fattigdom. Tilskotsordninga vert finansiert ved tilskotsmidlar som står på bunde fond avsett til føremålet. Rådmannen skal utarbeida og setja i verk tiltak for å gjera ordninga med fritak for betaling i Kulturskulen meir kjend.

Komitéen vedtok samrøystes eit tilleggspunkt om at rådmannen får fullmakt til å vedta inkluderingstilskota. Søknadane skal vurderast fortløpande innanfor budsjettramma. Melding om vedtak vert lagt fram til komité for drift og forvaltning (KDF) som referatsak.

Målgruppe for tiltaket er barn og unge til og med vidaregåande skule. Lag og organisasjonar som gjev barn og unge høve til å delta i kultur, idrett og fritidsaktivitetar uavhengig av økonomien til hushaldet kan søkja om støtte. I 2019 er det sett av 500 tusen kroner til tilskotsordninga.

Tilskot

Komitéen fordelte 75 tusen kroner som i budsjettet er sett av som tilskot til materiell, utstyr og kompetanseheving. Sjå liste over søknader og tilskot her.

Kommunekomité for TV-aksjonen

Komitéen valde personar til kommunekomité for TV-aksjonen 2019. Komitéen vert samansett slik:

  • Leiar: Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (AP)
  • Sekretær: Fjell Frivilligsentral
  • Ressursperson 1: Kommunestyre-vararepresentant Eli Årdal Berland (H)
  • Ressursperson 2: Fjell UKS v/ leiar Vilde Knudtsen Indrevik
  • Ressursperson 3: Sotra Rotaryklubb v/ Bjørn Arvid Straume
  • Ressursperson 4: Fjellskulen v/ rektor Hjelteryggen skule, Siri Håland
  • Ressursperson 5: Nestleiar komité for drift og forvaltning (KDF), Odd Valvatne (AP

Andre saker

  • Baltor AS/Escape Sartor Storsenter fekk innvilga vanleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3
  • Saka om ombygging av demensavdelinga på Fjell sjukeheim vart vedteken utsett til neste møte i KDF for å få henta inn anbod på faktisk pris for tiltak.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

 

 


Sist endret: 09.05.2019