Facebook ikon Twitter logo Print side

Endrar modell for gjennomføring av brannvernsamarbeid

Rådmannen går inn for at det interkommmunale selskapet Sotra Brannvern IKS tek opp Øygarden kommune som ny deltakar og medeigar i selskapet. Namnet på det nye selskapet er føreslått til Øygarden Brann & redning IKS. Saka vert behandla i kommunestyret den 28. september.

Brannstasjonen på Ågotnes.
Brannstasjonen på Ågotnes

Kommunestyra i dei tre kommunane vedtok i 2016 å etablera felles brann- og redningsvesen med namnet Sotra og Øygarden brannvesen IKS (IKS: interkommunale selskap). I saksutgreiinga skriv rådmannen at føresetnadene og behova er endra undervegs.

Det vert no føreslått ein alternativ modell for samanslåing som vil gje nøyaktig det same sluttresultatet. Denne modellen krev mindre arbeid om mindre ekstern hjelp. Det vert føreslått at Sotra Brannvern IKS tek opp Øygarden som ein ny deltakarkommune og medeigar.

Arbeidsrettsleg vil dette medføra ei verksemdsoverdraging av dei tilsette i Øygarden Brannvesen. Marianne Sandahl Bjorøy og Lars Olav Hjartøy er føreslått som Fjell kommune sine representantar i representantskapet. Ernst Einarsen er føreslått som vararepresentant for Sandahl Bjorøy, medan Odd Bjarne Skogestad er innstilt som vara for Hjartøy.

Andre saker i kommunestyret den 28. september

  • Gjennomgang av utkast til branndokumentasjon for Øygarden brann & redning
    IKS
  • Nytt hamnesamarbeid. Etablering av nytt interkommunalt selskap (IKS) for den
    lovpålagte delen av hamneverksemda i Bergensregionen
  • Justering av delegasjonsreglementet etter endringar i plan- og bygningslova
  • Kartlegging av parkeringssituasjonen ved helselandsbyen på Straume og ved
    Fjell rådhus
  • Søknad om endring av salsløyve for alkohol, Matvareexpressen
  • Korleis leggje til rette for fleire heiltidsstillingar i Fjell kommune?
  • Søknad om fritak frå politiske verv (Høgre), suppleringsval

Møtet vert halde kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.  
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik  Brekke
Foto: Kjell Andersland



 


Publisert: 20.09.2017 23:38
Sist endret: 20.09.2017 23:46