Facebook ikon Twitter logo Print side

Endringar i leiarteamet

Det siste halvåret vert det fleire endringar i leiarteamet i Fjell kommune.

Rune Golf, Wilhelm Anglevik og Jogeir Sognnæs

Frå 1. august vil rektor på Tranevågen ungdomsskule, Rune Golf, fungera som skulesjef. Han vil ha denne funksjonen fram til nyttår.

Wilhelm Anglevik går av som skulesjef 1. august. Jogeir Sognnæs, som er leiar av psykologisk pedagogisk teneste og nestleiar hjå Skulesjefen, sluttar i stillinga 1. august og tek til i stilling i Bergen kommune. Leiarstrukturen på Tranevågen ungdomsskule vert avklart i august.

Bjørn Erik Kristiansen og Hanna GJesdal

Plan- og utbyggingssjef Bjørn Erik Kristiansen går av 1. august. Avdelinga vert då igjen delt i to, med eín plan- og utbyggingssjef og eín eigedomssjef. Hanna Gjesdal vil fungera som plan- og utbyggingssjef fram til nyttår, medan Stian Wikran Johansen skal fungera som eigedomssjef ut året.


Sist endret: 10.07.2019