Facebook ikon Twitter logo Print side

Engasjement om utviklinga på Ågotnes

Nærare 40 personar hadde funne vegen til folkemøtet på Tranevågen ungdomsskule onsdag kveld. Det handla om kvalitetsprogrammet for Ågotnes sentrum. Konsulentfirmaet Vill Urbanisme har fått oppdraget om å utarbeida kvalitetsprogrammet.

Frå folkemøtet på Tranevågen ungdomsskule onsdag kveld.
Frå folkemøtet på Tranevågen ungdomsskule onsdag kveld.

Fredrik Barth i Vill Urbanisme opplyste at dei er komne halvegs i arbeidet som skal vera sluttført i mai/juni. Han understreka at vi må ta inn over oss dei internasjonale, nasjonale og regionale krava til ei berekraftig samfunn.

- Vi må leggja berekraftmåla til grunn for dette prosjektet. Det må vi gjera både fordi vi må og fordi det er rett, sa Barth.

Målet er å gjera Ågotnes-området berekraftig i seg sjølv og gjennomføra dette utan auka bilbruk. Viktige stikkord for å nå desse måla er høgteknologi, grøn teknologi, effektivitet og å vera smart. Med vedtak om godshamn på Ågotnes ligg det til rette for ei kraftig utvikling av området. Barth meinte at industriområdet på Ågotnes kan dimensjonerast for seks tusen arbeidsplassar. Dette er noko meir enn topperioden for sju-åtte år sidan med fire tusen arbeidsplassar.

- Dette krev vesentleg fleire buande i området. Det er viktig at folk kan bu i området for å unngå auka bilbruk, sa Barth.

Mona Mortensen i Vill Urbanisme teikna eit bilete av utviklinga på Ågotnes frå 1962 med spreidd busetnad og fram til i dag.

- Vi har mista noko og vunne noko i denne perioden, sa Mortensen, men peika på gode kvalitetar som natur, kultur og det som tidlegare generasjonar har bygd opp i området, sa Mortensen.

Møte med grunneigarar

Det er gjennomført grunneigarmøte/utviklarmøte. På møtet kom det fram at det er skilnad på regional og lokal mobilitet og at ein må vera varsam med rekkjefølgjekrav. Det er ønske om utvida tilbod om innfartsparkering og understreking av lokal identitet for attraktivitet, arkitektur og utsjånad.

Fredrik Barth
Fredrik Barth

- Synspunktet om at parkering til bustad ikkje treng skje på eiga tomt, var nok av det meir overraskande synspunktet vi registrerte, sa Barth.

I samtalen på folkemøtet onsdag kveld vart det mellom anna stilt spørsmål om høgspentlinja gjennom Ågotnes må vera der for alltid. Andre tema var kollektivtransport, behov for areal for idrett og friluftsliv, bruk av parkområde/areal over miljøloket, leikeplassar, tilbod om by/bygdesyklar og korleis ein kan få engasjert ungdomen i utviklinga av området. Varaordførar Tom Georg Indrevik og Rolf Henriksen i Fjell Kystlag kunne tenkt seg meir fokus på korleis ein kan få tilgang til og nytte av sjøen.

Kva med bygdene utanfor Ågotnes-området?

Katrine Fløisand bur på Morland. Ho saknar visjonar for bygdene utanfor dei sentrale områda og opplever utfordringar med infrastruktur som breiband og mobilnett i tillegg til at det er smått med kollektivtilbod.

Sebastian og Katrine Fløisand
Sebastian og Katrine Fløisand

- Utfordringane for oss er å koma oss frå Morland til fylkesveg 561 (2,5 kilometer) i dei tilfella vi ikkje har bil tilgjengeleg. Den 16 år gamle sonen vår får skyss til og frå ungdomsskulen, men utover det er det ikkje kollektivtilbod. Eg kunne tenkt meg meir fokus på korleis vi kal sikra oss levande bygder, seier ho og helsar ordningar som til dømes bestillingsbussordningar velkomen.

Varaordførar Tom Georg Indrevik seier at det finst løysingar.

- Problemet er at vi ikkje har kontroll på verkemidlande sjølv, seier han.

Sonen til Katrine Fløisand, Sebastian, opplever både fordelar og ulemper med å bu på Morland.

- Fordelen er at eg kan spela musikk så høgt eg vil. Ulempa er at eg brukar ein halv time mellom heimen og fylkesvegen for å ta buss utanom skuleruta, seier han.

Prosessen vidare

Eli Janette Fosso opplyser at det ferdige kvalitetsprogrammet vert styringsverktøyet for kommunen for å nå dei vedtekne måla i kommunedelplanen for Ågotnes om kvalitet, attraktivitet og identitet i utvikling av lokalsenteret og sentrumsområdet. 

Folk vert oppmoda om å ta direkte kontakt med Vill Urbanisme for å gje innspel til kvalitetsprogrammet som no er under utarbeiding. Kvalitetsprogrammet vert politisk behandla i juni.

Send gjerne innspel til: fredrik@villurbanisme.no og mona@villurbanisme.no

Les om plansmie Ågotnes/"Visjon-Ågotnes-arbeidet her".

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 24.04.2019