Facebook ikon Twitter logo Print side

Engasjement på arbeidsseminar om vald og overgrep i nære relasjonar

Hundre deltakarar var på plass i kultursalen i Fjell rådhus i dag då det var invitert til arbeidsseminar om vald og overgrep i nære relasjonar.


Arbeidsseminaret starta med innleiingsforedrag ved Nina Antonsen i Stiftelsen Alternativ til Vold (ATV).

Det er eit arbeidsutval utgått frå samhandlingsteamet som står bak arbeidsseminaret. Arbeidsgruppa har også ansvaret for å gjennomføra ei tenestekartlegging om vald og overgrep i nære relasjonar.

- Vi har fått svært gode tilbakemeldingar på seminaret i dag. Personar på tvers av avdelingane gjennomførte gruppearbeid der vi snakka om kva som fungerer i samhandlinga på dette feltet og kva tiltak som kan bidra til at samhandlinga vert betre, seier ein av medlemene i arbeidsgruppa, Siv Anne Waage i rettleiarteamet for barnehage.

Det var leiar og psykologspesialist i Alternativ til Vold (ATV) avdeling Bergen, Nina Antonsen, som hadde innleiingsforedrag på arbeidsseminaret. ATV er eit behandlings- og kompetansesenter med spisskompetanse på vald, særleg med vekt på vald i nære relasjonar.

Politiske føringar

Det ligg politiske føringar til grunn for at Fjell kommune prioriterer arbeidet knytt til vald og overgrep i nære relasjonar. Arbeidet med dette temaet er forankra i Stortinget og «Handlingsplan for vold i nære relasjoner 2014-2017 (Et liv uten vold»).

Etter at kartlegginga er fullført skal arbeidsutvalet utarbeida ein rapport med moglege tiltak for å fremja god samhandling på dette feltet. På sikt kan det munna ut i ein handlingsplan.

I tillegg til Siv Anne Waage er arbeidsgruppa for kartlegginga samansett av Anja Rogde (kommunepsykolog), Kjersti Hammersland (barnevernstenesta), Torbjørn Fjøren (diakon), Heidi Solsvik (NAV), Jorunn Tyldum (rettleiarteam skule) og Elise Bergsagel (psykiatrisk team). Samhandlingsteamet er samansett av 15 personar frå ei rekkje avdelingar i Fjell kommune. Mandatet til dette teamet er å arbeida for god samhandling mellom tenestene til utsette brukarar i alle aldersgrupper.

Fredag 29. september arrangerer konsultasjonsteamet for valds og overgrepssaker eit kurs om seksuelle overgrep med SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep).

Her er fleire bilete frå seminaret:


Publisert: 13.06.2017 15:35
Sist endret: 13.06.2017 15:47