Facebook ikon Twitter logo Print side

Engasjerende om skulevegring!

Onsdag vitja to av skandinavias største kapasitetar på skulevegring Fjell kommune. Peter Friberg og Rober Palmér kjem frå Stockholm og jobbar gjennom det private foretaket Mangelungen med elevar med skulevegring. På samlinga var det sentrale personar frå ungdomskulane og PP-tenesta i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden som fekk gode råd om kartlegging og tiltak for ei elevgruppe som kan falle heilt utafor viss dei ikkje får hjelp.


Arrangørane saman med dei to svenske forelesarane: Frå venstre; Monica Berge, Askøy, Kjersti Jarlind Solheim, Øygarden, Niels Rasmussen, Fjell, Peter Friberg, Elisabeth Andreassen, Fjell, Ann Therese Stamnesfet, Statped Vest og Robert Palmér.

Friberg og Palmér understreka at det var viktig å sette inn tiltak tidleg, gjerne langt ned i skulealder eller heilt ned i barnehagen, men ga samtidig mange konkrete råd om korleis ein kan gå fram når problema er blitt meir fastlåst. Angst og vegringsåtferd ligg sentralt i forståinga av skulevegring hos dei som på svensk vart kalla «hemsittare». Trening i å komme seg til skulen og å vere på skulen blir derfor avgjerande.

«Det var utruleg kjekt å få så gode faglege innspel på saker som kjennest veldig tunge både for oss i skulen og for elevane og foreldra deira», sa Kjersti Hatletun, avdelingsleiar på Tranevågen ungdomsskule, etter samlinga. «Dette var både fagleg sterkt og veldig konkret. Ofte kjenner ein seg på gyngande grunn i desse sakene, så det kjentest bra å få støtte på at det vi gjer er riktig». Hatletun understreka også at det var kjekt å ha ei slik samling saman med nabokommunane, med tanke på den kommande samanslåinga. Felles forståing og felles omgrep er viktig når vi no skal byggje ein felles kultur i den nye kommunen.

Kjersti Hatletun, avdelingsleiar Tranevågen skule
Kjersti Hatletun, avdelingsleiar Tranevågen ungdomsskule.

Tekst og foto: Jogeir Sognnæs


Publisert: 03.09.2018 10:09
Sist endret: 03.09.2018 10:13