Facebook ikon Twitter logo Print side

Engasjert kurs om kulturforståing

Den 26. og 27. januar var vi samla ca. 50 deltakarar frå ulike avdelingar (rettleiarteam barnehage og skule, helsesøstre, Kraftsenteret, lærarar frå innføringsklassane, m.fl.), på kurs med Nuray Gullestad og Chiku Ali.

Her har vi forelesarane Nuray Gullestad og Chiku Ali saman med nokre av deltakarane.
Her er forelesarane Nuray Gullestad og Chiku Ali saman med nokre av deltakarane.

Nuray er regional koordinator for IMDi (Integrerings- og Mangfoldsdirektoratet) vest, Chiku Ali er spesialkonsulent ved RVTS (Regionalt Senter Vold og Traumatisk Stress). Kurset handla om kulturforståing med fokus på kjønnslemlestelse og tvangsekteskap.

Det var svært engasjerte og nyttige innlegg vi fekk frå dei to forelesarane, og forsamlinga var begeistra. Dagane blei krydra med mange gode døme, og deltakarane fekk arbeida ein del i grupper med ulike utfordrande spørsmål. Det er eit tungt og krevande tema, men Chiku og Nuray tok oss gjennom med autoritet, empati og massevis av kunnskap.

Desse to skal vi halda kontakten med og dei var klare på at dei kjem gjerne igjen til Fjell.

Chiku Ali i aksjon; foran Nuray Gullestad)
Chiku Ali i aksjon; framfor Nuray Gullestad)

 

Tekst og foto: Siv Anne Waage

 


Publisert: 01.02.2017 14:57
Sist endret: 01.02.2017 15:34