Facebook ikon Twitter logo Print side

Engasjerte ungdomspolitikarar på fellesmøte

I dag var ungdommens kommunestyre i Fjell og ungdomsråda i Sund og Øyagrden samla til felles møte i Fjell. Det handla mellom anna om mobbing, nettbruk, digitalisering, digital kompetanse og sykkelsatsing.

På møtet vart ungdomspolitikarane utfordra til å drøfta diverse tema to og to.
På møtet vart ungdomspolitikarane utfordra til å drøfta diverse tema to og to.

Leiar av komité for drift og forvaltning (KDF) i Fjell, Ernst Einarsen, snakka om mobbing og korleis bruk av miljøterapeutar kan vera eit verkemiddel for å redusera mobbinga.

- Nokre skular har mykje mobbing, andre har mindre. Uansett er målet null mobbing, sa Einarsen og viste til at Fjell kommune har prioritert å bruka miljøterapeutar i skulen.

Einarsen lurte på kva ungdomspolitikarane meinte om å ha totalforbod mot bruk av mobil i skulen.

- Eg seier nei til både mobilhotell og totalforbod. Det er min mobil, og den skal eg har råderett over, sa ein av elevane. Andre meinte at alternativ til totalforbod er å følgja opp enkelttilfella med misbruk.

Leiaren av KDF viste til at gutane gjer det dårlegare fagleg på skulen enn jentene.

- Fjell ligg resultatmessig litt under gjennomsnittet for andre skular. Spørsmålet er korleis vi kan løfta dette. Vi må gjera noko med gutane og få dei til å gjera lekser, sa Einarsen.

Digitalisering

Kommunalsjef for Oppvekst i Nye Øygarden kommune, Anne-Merete Vabø Haugane, snakka om digitalisering, læring og utvikling. Ho sa at synet på barn og læring har endra seg over tid. Vabø Haugane viste til SAMR-modellen som seier noko om korleis teknologi kan innverka på undervisning, oppgåvetypar og arbeidsmåtar for å gje auka læring.

Frå møtet i dag.
Frå møtet i dag.

Det startar med at teknologien (til dømes nettbrettet) erstattar blyant og papir (substitution), og vidare korleis vi nyttar andre og betre måtar å skriva på (augmentation). På det tredje nivået (modification) brukar ein samhandlingsarena og får publikum. På det fjerde nivået (redefinition) finn ein nye ting og måtar å arbeida på som ikkje er mogleg utan teknologien.

- Utfordringane er om læraren har digital kompetanse og at vi får utydeleg klasseleiing i det digitale klasserommet. Nettbrett fungerer ikkje dersom det ikkje vert brukt på rett måte, sa Vabø Haugane.

Ho utfordra ungdomspolitikarane på at den digitale utviklinga utfordrar familiane og at resultatet kan verta at barn frå relasjonsvanskar og ikkje kan la seg justera av vaksne.

- Kva bør vi seia til dei vaksne, ville ho vita.

- Det er nødvendig med tidleg innsats. Det hjelper ikkje å springa vekk, men vi må møta den nye tida, var svaret frå elevane.

Kommunalsjefen støtta ungdomane i dette og konkluderte med at justera og styra er det einaste alternativet til å nekta bruk.

Sykkelsatsing

Arealplanleggjar hjå Plan- og eigedomssjefen i Fjell, Lisbeth Selstø, snakka om korleis Fjell kommune arbeider med trafikksikring og ikkje minst å stimulera til auka bruk av sykkel. Det er bygd sykkeltunnel mellom Straume Sjøfront og Kystbygarasjen og bygd sykkelhus på Straume.

- Fjell kommune har fått pengar til denne satsinga. Det skal setjast opp sykkelstativ i Kystbygarasjen, sykkelpumpe og «stasjon» for småreparasjonar og sykkelhuset skal dekorerast. Det er også etablert samarbeid med Basecamp Repro.

Andre tiltak er oppgradering av Foldnesvegen og Straumemila som er gang- og sykkelveg på kryss og tvers på Straume.

Felles ungdomsråd/Ungdommens kommunestyre

Ungdomspolitikarane drøfta korleis ungdomspolitikken kan organiserast frå 1. januar då den nye kommunen er eit faktum. Dei drøfta korleis medlemene skal veljast og kor mange representantar det bør vera frå kvar skule. Fleire meinte det burde vera to representantar frå kvar skule. Det var også diskusjon om i kva grad honorar stimulerer til å delta i Ungdommens kommunestyre/ungdomsråd.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilte frå fellessamlinga:

 

 

 

 

 


Sist endret: 12.03.2019