Facebook ikon Twitter logo Print side

Avsperring ved gjenbruksstasjon avslutta

Politiet har no oppheva sperringa av området ved gjenbruksstasjonen på Straume. Det var litt før klokka 14 i dag at området vart sperra av etter funn av dynamitt. Gjenbruksstasjonen vert stengt resten av dagen..

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


 

Nautetatane er på plass. Foto: Monica Falck, FjellVAR
Nautetatane var på plass. Foto: Monica Falck, FjellVAR


Politiet opplyser at ein har teke hand om dynamitten og at det ikkje lenger er nødvendig å sperra av området. Det vart ikkje nødvendig å gjennomføra noko omfattande evakuering.

Tidlegare i ettermiddag opplyste avdelingsleiar på Sotra og Øygarden lensmannskontor, Per Algrøy, at det vart oppretta ein tryggleikssone på 100 meter. I tillegg vart vegar i området sperra.

Alle naudetatane var på staden. Fjell kommune var klar til å hjelpa til med evakuering dersom politiet bad om det.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 27.02.2017 14:55
Sist endret: 27.02.2017 15:01