Facebook ikon Twitter logo Print side

Få hjelp til å setja i stand kulturminnet ditt!

Gjennom Kulturminnefondet kan private eigarar få støtte til tiltak for å ta vare på verneverdige kulturminne.



Også frivillige lag og foreiningar, anten dei eig kulturminna sjølv eller forvaltar dei på vegner av andre, kan søkja.

Sidan Kulturminnefondet gav sine første tilskot i 2003, har nærare 5000 prosjekt fått støtte på til saman 780 millionar kroner. I 2019 deler Kulturminnefondet ut over 100 millionar kroner til prosjekt over heile Norge.

Kva vert det gjeve støtte til?

Kulturminnefondet støttar tiltak på alle typar faste kulturminne, som hus og bygningar, fartøy, hageanlegg og kulturlandskap. I prioriteringane vert det lagt vekt på kulturminneplanane til kommunane, med formålet om at eit mangfald av kulturminna i landet vert tekne i vare og tekne i bruk i framtida for felles oppleving, kunnskap og verdiskaping.
Her kan du lesa meir om prioriteringar og ofte stilte spørsmål.

Ingen søknadsfrist

Tidlegare har det vore ein årleg søknadsfrist, men frå i år kan private eigarar kva tid som helst kan senda søknad til Kulturminnefondet..
Her er søknadsportalen til Kulturminnefondet og rettleiing til søknaden.

 

 


Sist endret: 15.01.2019