Facebook ikon Twitter logo Print side

Fagdag for andreårslærlingar

Tysdag denne veka vart det arrangert fagdag i kultursalen i Fjell rådhus. Ettersom dei tre kommunane dannar ny kommune frå nyttår av, var dette siste gongen det vart arrangert samling for lærlingane som skal ta fagprøve i Fjell kommune.

Andreårslærlingane i Fjell.Andreårslærlingane i Fjell. Frå venstre: Linn Anita Forland, Rebecca Mathisen, Trine B. Myrvang, Nicholas Furnes, Oliver Kolltveit, Joakim Solberg, Adrian Solli, Simon Oddekalv, Caroline Skarholm Aven, Aleksander Matthews, Parichart Svaasand, Qing Xie, Celine Bjørklund, Silje Midtkandal, Priti Patel Benjaminsen,  Martine Olsen, Alia Al Easawie, Sahra Mebrahtom, Bak: Malin Nilsen, Lea Monsen Turøy, Tina R. Normann, Linn Helen Walle, Stian Jakobsen, Muhamad Nasar, Helene Langholmen, Evelinn C. Baes Lie, Caroline Skjelanger, Thea Haakonsen, Kristine Marie Flåten, Kamilla Turøy og Rebecka Andersen.

Nina Høiem hjå Skulesjefen kom med mange gode tips og nyttig informasjon om det å skriva CV og korleis ein kan søkja arbeid.

Oda Strøm Oksholm frå Fagopplæringa førebudde lærlingane på det å ta fagprøve. Sigrid Isdal er elev og lærlingombod og tilsett i Hordaland fylkeskommune. Ho hadde viktig innlegg om helse miljø og tryggleik.

På denne måten losar lærlingordninga i Fjell kommune lærlingane trygt fram mot fagbrev.


Tekst: Evelyn Tofterå Persson, lærlingkoordinator
Foto: Kjell Andersland


Sist endret: 12.02.2019