Facebook ikon Twitter logo Print side

Fagdag for leiarar for lærlingar

Torsdag 14. september var 80 rettleiarar og faglege leiarar for lærlingar inviterte til fagdag i kultursalen på rådhuset i Fjell kommune.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Frå fagdagen sist veke.
Frå fagdagen sist veke.

Vi har for første gong kalla inn til fellessamling for Sund, Øygarden og Fjell kommunar og vil med dette starta eit samarbeid innan lærlingordninga.

Hege Bugge Osebakken frå Hordaland fylkeskommune heldt foredrag: «Bli en enda betre rettleiar,- rettleiar sine mange oppgåver». Her var det gode spørsmål og innlegg frå salen.

Sølvi Kaland Sture, koordinator for lærlingar på Askøy, underviste oss i programvara «OLKWEB» som de har tatt i bruk på Askøy. Vi avslutta dagen med gruppearbeid.

Evelyn Tofterå Persson, koordinator for lærlingar i Fjell kommune oppfordra forsamlinga til å koma med idear til nettverksmøte på tvers i kommunane. Målet er at alle skal vera medlem av ei nettverksgruppe. Alle må ta ansvar for eiga læring og nettverksbygging for å utvikla seg i jobben. Vi må dela kunnskap, gjera kvarandre gode. Vi har gjensidig forventning til at kommunane skal slåast saman til ein storkommune.


Evelyn Tofterå Persson
koordinator for lærlingar i Fjell kommune

Her er fleire bilete frå fagdagen:

 




Publisert: 18.09.2017 13:40
Sist endret: 18.09.2017 13:45