Facebook ikon Twitter logo Print side

Fagdag om Husbanken sine økonomiske verkemiddel

Fjell kommune inviterte til fagdag denne veka. Tema for dagen var dei økonomiske verkemidla til Husbanken og korleis ein kunne utnytta desse mest mogleg.

Svein H. Gjerstad
Svein H. Gjerstad

Husbanken ved Lene Vikøren og Anne Gro Rolland informerte om ordningane startlån, tilskot til etablering og tilskot til tilpassing. Fokus var kva moglegheiter som finst innanfor handlingsrommet til kommunane. I tillegg fortalde Svein H. Gjerstad, leiar av bustadkontoret i Lindås kommune om korleis dei brukte verkemidla i hans kommune. Han trakk fram gode eksempel på bruk av tilskot til tilpassing med vekt på at det er god samfunnsøkonomi å gje tilskot til tilpassing av bustad versus å tilby sjukeheimsplass.

I Lindås kommune har dei som i Fjell kommune organisert mykje av det bustadsosiale arbeidet i eit bustadkontor der ein tek i bruk alle dei økonomiske verkemidla til Husbanken, kjøp og sal av bustad, leigekontraktar og drift av kommunale bustader. I tillegg har dei eit tverrfagleg samarbeidsteam med ein bustadrådgjevar, ein byggerådgjevar og ergo/fysioterapitenesta som samarbeider om søknader om tilskot til tilpassing. Dette er eit team som arbeider godt til beste for brukaren. Teamet dreg i fellesskap til brukar på jakt etter realistiske, praktiske og gjennomførlege løysningar.

Svein H. Gjerstad påpeika at ved å organisera seg som eit bustadkontor vert resultatet fordelar for kunden som får ei pakkeløysning. Husbanken får nokon konkrete i kommunen å forholda seg til, og politikaren får heilskapleg rådgjeving. Rådmannen har ein å peika på, og saksbehandlaren får oppgåvetryggleik.


Frå fagseminaret på måndag.

Deltakarane på fagdagen som kom frå ulike tenester i kommunen og ein deltakar frå Sund kommune fekk god innføring i dei ulike ordningane til Husbanken.

Det var ein innhaldsrik fagdag som ein håpar resulterer i ytterlegare auka fokus på blant anna bruk av tilskot til tilpassing.


Tekst: June Johannesen
Foto: Vigleik Brekke


Publisert: 09.05.2017 14:37
Sist endret: 09.05.2017 14:45