Facebook ikon Twitter logo Print side

Fagdag “Teikn og symptom på narkotikamisbruk”

Gangstø ressurssenter og SLT koordinator i Fjell, samla 30 april 80 tilsette i nye øygarden kommune til fagdag i Fjell kultursal.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Føredragshaldar Øystein Samsonsen, fagleiar ved førebyggande avdeling Bergen Sør politistasjon, har lang erfaring med ungdomsførebyggande arbeid i politiet. 

Samsonsen delte viktig kunnskap
Samsonsen delte viktig kunnskap

Førebygging, avdekking og handtering av rus blant ungdom, er eit av områda Fjell kommune veljer å satse på i åra som kjem.

Krister og Gunhild jobbar begge ved Gangstø ressurssenter. I kvardagen møter dei ungdom som er i kontakt med rusmiljø. Oppdagar ein tidleg at ein ungdom står i faresonen for å utvikle eit rusproblem, er det mykje lettare å hjelpe. Dei håpar begge at det i åra som kjem, vert etablert eit betre hjelpetilbod til dei under 18 som strevar med rus.


Frå venstre: Krister Omdal ( SLT koordinator Fjell ) Øystein Samsonsen ( NNPF ) Gunhild Fjell (avd. leiar Gangstø ressurssenter )

Med midlar frå rådmannen, vart det mogeleg å tilby ansatte som arbeidar med ungdom ein gratis fagdag. Det er allereie komen gode tilbakemeldingar på fagdagen med ,eit sterkt ynskje om fleire kurs.

Målet er å få til ein dag der ein inviterar elevar og føresette til ein tilsvarande fagdag med øystein og evt andre aktuelle aktørar. Med bevilga midlar eller eit spleiselag, tenkjer vi at det kan vi få til.

Vi takkar alle som tok seg tid til å besøke kultursalen denne dagen. Håpar de alle gjekk heim med ny og viktig kunnskap.

Krister Vikør Omdal ( Lærar ved Gangstø ressurssenter /SLT koordinator Fjell kommune )
Gunhild Fjell ( Avd leiar Gangstø ressurssenter )


Sist endret: 03.05.2019