Facebook ikon Twitter logo Print side

Fagleg nettverk for Alternativ og supplerande kommunikasjon

«Nettverket for Alternativ og supplerande kommunikasjon i barnehage» gjennomførte siste samling før jul torsdag 8. november.

Frå samlinga i går.
Frå samlinga i går.

Vi fekk besøk av Steffen Skipenes Johnsen som er spesialpedagog på Hjelteryggen skule. Han synte filmar og skildra deira arbeid med Rolltalk. Hege Knarvik Fjeldstad og Hanne Mikalsen er ressurspedagogar for barnehagar i Fjell kommune. Dei deltek i ASK-nettverket og er i gang med å utdanna seg til rettleiarar i Karlstadmodellen. Dei snakka om kor viktig grammatikk er for presis kommunikasjon og korleis ein arbeider med grammatikk i Karlstadmodellen. Dette var ei spanande, lærerik og inspirerande samling! Vi gler oss til å ta fatt på nye tema i ASK-nettverket etter jul.

16. januar 2019 arrangerer nettverket den årlege kursdagen, «Kommunikasjon i kvardagen». Kurset er for foreldre og fagfolk med barn som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) og vert halde i kultursalen på Fjell rådhus. Kurshaldar er Irene Johansson, grunnleggjar av Karlstadmodellen.

Påmelding innan 18. desember 2018 til Kjersti Sundal, kjersti.sundal@fjell.kommune.no.


Ingvild Skaar
logoped
Fjell pedagogisk-psykologiske teneste


Publisert: 09.11.2018 12:19
Sist endret: 09.11.2018 12:24