Facebook ikon Twitter logo Print side

Fagsamling om personvern i skulen

Torsdag denne veka var skuleleiarar, IKT-ansvarlege, lærarar og andre skulefolk samla på Knappskog skule på eit fagseminar om personvern.

Ingrid Dyrkolbotn
Ingrid Dyrkolbotn

Vi hadde invitert Ingrid Dyrkolbotn til å halda føredrag om innhaldet i dei nye personvernreglane (GDPR). Ingrid er rådgjfevar på seksjon for digitalisering og innovasjon i Bergen kommune med ansvar for mellom anna personvern.

I den digitale omstillingsfasen er det særleg viktig at skulen tek omsyn til elevar, føresette og tilsette sitt personvern, samt har rutinar på å ROS-vurdere digitale verktøy som skal nyttast i undervisningssamanheng. Ingrid la fram prinsippa i personvernforordninga, samt tips om trygg digitalisering.

Vidare formidla Ingvild Skogestad litt om Knappskog skule sine system for ROS-vurdering av dei verktøya vi nyttar i undervisninga på skulen samt kor viktig desse vurderingane er for tillit til at skulen handterer personvernet på ein god måte.


Tekst og foto: Odd-Erik Kjeldstad


Sist endret: 27.04.2019