Facebook ikon Twitter logo Print side

Fagtreff for fokusbarnehagar

Mignett Hordaland arrangerte fredag 30. november fagtreff for fokusbarnehagar med fleire, i kultursalen på Straume.

Frå seminaret den 30. november.
Frå seminaret den 30. november.

Mignett – Migrasjonspedagogisk nettverk, er eit regionalt skuleeigarnettverk for barnehage og grunnskule, vedrørande minoritetsspråklege barn for kommunar i Hordaland. Nettverket skal gjera seg kjent med arbeidet rundt dei minoritetsspråklege barna i dei ulike kommunane, slik at dei kan dela «best practice». Nettverket skal bidra til å auka motivasjon og kompetanse hos dei som arbeider på feltet.

I Fjell har vi to fokusbarnehagar, som har spesielt fokus på pedagogisk arbeid med minoritetsspråklege barn. Det er Hamramyra og Ågotnes barnehagar.

Fredag 30. november var vi rundt 60 engasjerte deltakarar frå Bergen, Askøy, Sund og Fjell kommunar, som første timen jobba i grupper rundt tema som «Stemmeskam», «det å være musikalsk» og «kan sang og musikk ha en rolle i språktilegnelsen?».

Frå klokka 10.30 og ut dagen hadde vi glede av å høyra på Nora Kulset, postdoktor og musikkforskar, med brei erfaring frå arbeid med barn frå ulike kulturar og språkarbeid i barnehagar. Ho har bl.a. skrive to bøker; «Musikk og andrespråk» og «Din musikalske kapital».

Nora er opptatt av korleis song kan bidra til at små barn med eit anna morsmål kan tileigna seg det norske språket, og ho utfordrar oss alle på kvifor vi er så redde for å bruka «Hverdagsmusikaliteten vår». Litt sett på spissen seier ho at vi er blitt eit folk som har slutta å syngja. Vi syng ikkje ein gong i dusjen lenger, og vi sit i sofaen og ser på Idol! «Vi er alle musikalske!» - seier Nora, og det må vi våga å ta i bruk i arbeidet med barna.

Etter eit svært inspirerande og morosamt foredrag, var det ein oppglødd forsamling som gjekk helga i møte med ein tanke om å syngja meir i kvardagen sin, og spesielt i barnehagen!

For arrangøren: Lillian Århus Ekerhovd og Siv Anne Waage


Sist endret: 09.12.2018