Facebook ikon Twitter logo Print side

Får 15 tusen kroner frå Drømmestipendet

Gerd Vårin Emmerhoff frå Fjell er blant dei 100 i landet i 2018 som får 15 tusen kroner frå Drømmestipendet.

Gerd vårin Emmerhoff

Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ønskjer kulturskulerådet å synleggjera det arbeidet kommunane gjer blant barn og unge.

Gerd Vårin Emmerhoff (19) har kunst og menneske som sin store lidenskap og får støtte under kategorien «Annet». Ho har sidan ho var 10 år gamal vore fascinert av kamera og det å kunna fanga små og store augneblink ved eit klikk og at det er ingen ende til kor kreativ ein kan vera med dette.

- Gjennom video og bilete drøymer eg om å dela historier om vanlege menneske, og gjennom ærlegdom og kjærleik skapa ei meir forståingsfull verd, skriv ho om seg sjølv.

Les meir her.


Publisert: 11.05.2018 13:21
Sist endret: 11.05.2018 13:23