Facebook ikon Twitter logo Print side

Får ikkje løyve til å regulera til næring på Valen

Komité for plan og utvikling vedtok med seks mot tre røyster (FrP, Sotralista og Senterpartiet) at det ikkje skal gjevast løyve til å starta opp arbeid med reguleringsplan for nytt næringsareal på Valen på Litlesotra. Komitéen slutta seg dermed seg til innstillinga frå rådmannen.

Skisse: Akons
Skisse: Akons

I førespurnaden vart det stilt spørsmål om det kan gjevast løyve til å starta reguleringsplanarbeid med sikte på å etablera eit signalbygg for ulike næringsverksemder som kan utnytta den sentrale lokaliseringa og eit godt kollektivtilbod langs hovudaksen mot Bergen.

I drøftinga viste fleirtalet mellom anna til at området er sett av til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) og at ein bør venta til Sotrasambandet er bygd ut før ein vurderer anna bruk av det aktuelle arealet. Mindretalet peika på at det er positivt at nokon ser for seg dette området til næring og at det bør vera mogleg å gjennomføra planarbeidet i samråd med planarbeidet for Sotrasambandet.

Målet med tiltaket var å leggja til rette for kontorarbeidsplassar knytt til apartementshotell, kompetanse- og innovasjonssenter innanfor teknologi. Det var også ønske om å få høve til å leggja til rette for at delar av næringsbygget kan innehalda nærbutikk og servicetilbod for eksisterande bustadfelt og lokale verksemder.

Tilrår plan for ROP-huset

Komitéen går samrøystes inn for å godkjenna detaljregulering for ROP-huset på Bildøyna (ROP: Rus- og psykiske lidingar). Formålet med planen er å regulera om frå dagens formål til bustad, kontor og dagsenter. Det skal etablerast bustader til nokre av innbyggjarane i kommunen som treng eit godt og bustad- og velferdstilbod. Planarbeidet er ei oppfølging av kommunestyrevedtak i september 2014 om kjøp av det tidlegare administrasjonsbygget til Indremisjonsforbundet for å etablera bustader for menneske med særlege behov. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Utsette behandling av plan for Landrovegen

Detaljreguleringsplan for Landrovegen låg klar til sluttbehandling. Komitéen vedtok å senda saka tilbake til administrasjonen der det vert bede om at det vert innarbeidd eit rekkjefølgjekrav om utbetring av vegen (om lag 100 meter lang strekning) mellom avkøyringa til bustadområdet og krysset Landrovegen/Vestsidevegen.

Planen legg til rette for oppføring av maksimalt 70 bustadeiningar i to-tre etasjar, leikeplassar, grøntareal, turveg og gangbru over Angeltveitvassdraget. Planområdet ligg sør for skuleområdet på Ågotnes og aust for Valderhaug.

Andre saker i KPU den 7. november

  • Godkjenning av planprogram for interkommunal kommunedelplan for Skogsskiftet
    Komitéen godkjende planprogrammet for rullering av den interkommunale planen.

  • Oversendingsframlegg, rutinar for oppfølging av rekkjefølgjekrav
    Komitéen vedtok å be rådmannen å leggja fram forslag til rutinar for oppfølging av rekkjefølgjekrav. Bakgrunnen for vedtaket er eit oversendingsframlegg frå formannskapet der det var ønske om å sjå nærare på ulike problemstillingar knytt til rekkjefølgjekrav i samband med utbyggingsprosjekt.

Komitéen behandla fire klagesaker. Ei av dei vart utsett for synfaring.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 08.11.2017 09:58
Sist endret: 08.11.2017 10:16