Facebook ikon Twitter logo Print side

Får rettleiing i utvikling av kulturskulen

Fjell kommune er eín av 58 kommunar som har fått tilbod om rettleiing i kulturskuleutvikling frå rettleiarkorpset til Norsk kulturskulråd. Utviklingsprogrammet går fram til juni 2020. I går vart første rettleiingsmøte gjennomført.

Frå venstre; Bjørn Andersen, Ernst Einarsen, Kristin Geiring, Wilhelm Anglevik, Åshild Eriksen, Roger Martin og Helge Andreas Pareli Notland.
Frå venstre; Bjørn Andersen, Ernst Einarsen, Kristin Geiring, Wilhelm Anglevik, Åshild Eriksen, Roger Martin og Helge Andreas Pareli Notland

Formålet med rettleiinga er i hjelpa kulturskuleeigaren og kulturskulen med å etablera eit kontinuerleg utviklingsarbeid i samsvar med rammeplanen for kulturskulen. Målsetjinga er å vidareutvikla ein kultur for kontinuerleg utviklingsarbeid med vekt på læring, kompetanse og danning, både for den enkelte og for kulturskulane som fellesskap.

Helge Andreas Notland hjå Skulesjefen er koordinator for utviklingsprogrammet som går over tre semester med avslutning juni 2020.

- Sjølv om det er Fjell kommune som er plukka ut til å vera med på rettleiarprosjektet, vart det på møtet i går understreka at Sund og Øygarden må verta inviterte til å vera med på utviklingsprogrammet. Sidan kulturskulen i utviklingsperioden vert ein del av Nye Øygarden kommune, er det viktig med involvering og samhandling med nabokommunane. Dette gjev grunnlag for spennande samarbeid , seier Notland.

På møtet i går møtte også leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, skulesjef Wilhelm Anglevik, kulturskulerektor Roger Martin, ressurslærar Åshild Eriksen og tillitsvald Jan Øyvind Hanevik. Frå kulturskulerådet møtte kulturskulerådgjevar Kristin Geiring.

Forventingar

Delatakrane drøfta kva forventningar dei har til å delta i utviklingsprogrammet. Det kan mellom anna  bidra til at statusen for kulturskulen vert heva. Det må leggjast til rette for gode prosessar for å sikra at kulturskulen vert eit ressurssenter. Også her vart det trekt fram rolla til kulturskulen i samband med bygginga av den nye kommunen. Kristin Geiring sa at rammeplanen realiserer ikkje seg sjølv og at det difor er viktig at alle tek eit tak for å utvikla kulturskulen vidare.

- I dette arbeidet kan vi drøfta korleis praktisk/estetiske fag kan verta ei motvekt til prestasjonssamfunnet. Dette utviklingsprogrammet kan vera eit frø som kan hjelpa til at kulturskulen vert vidareutvikla også utover rettleiingsperioden som vert avslutta i juni 2020, seier Helge Andreas Notland som også er oppteken av kva rolle kulturskulen skal ha i samfunnet framover.

I tillegg til rettleiingsmøte, slik det var kalla inn til i går, skal det gjennomførast to dialogkonferansar før ei oppsummerande samling i april mai 2020. I utviklingsprogrammet skal ein etter identifisering av behov tydeleggjera moglegheiter og setja mål for arbeidet. Vidare skal ein prøva ut løysingar og tiltak og få dette integrert i kulturskulearbeidet. Utviklingsprogrammet vert avslutta med evaluering av tiltaka.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Sist endret: 29.01.2019