Facebook ikon Twitter logo Print side

Får truleg meir pengar frå havbruksfondet

I revidert nasjonalbudsjett er pårekna utbetaling frå havbruksfondet til kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd pårekna til 2,4 milliardar kroner. Dette er ein kraftig auke i forhold til året før og vil venteleg gje vesentleg større utbetalingar til Fjell og nabokommunane.

Illustrasjon


Fylkesmannen har i dag sendt ut brev til kommunane i Hordaland der han skriv om regjeringa sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett og kommuneopplegget for 2019. Han viser til at nytt system for kapasitetsjusteringar i norsk lakseoppdrett der 80 prosent av inntektene frå sal av ny produksjonskapasitet skal gjevast til kommunesektoren gjennom havbruksfondet.

I 2017 vart det utbetalt 60,4 millionar kroner. Av desse fekk Fjell kommune 249 tusen kroner. Øygarden kommune fekk 484 tusen kroner, medan Sund kommune fekk 207 tusen kroner. Fylkesmannen skriv at utbetalinga for kvar kommune i 2017 og «høvetalet» mellom samla pårekna utbetaling i 2018 på 2,4 milliardar kroner kan gje eit overslag på fordelinga til kvar kommune for dette året (2018). Det er knytt stor uvisse til dette overslaget, og det vil verta endringar ved endeleg utbetaling i haust. Det er likevel klart at med ei totalutbetaling i 2018 som er 40 gonger så stor som i 2017, er det venta ein kraftig auke i utbetalinga til oppdrettskommunane for 2018.

Endringar i det økonomiske opplegget

Fylkesmannen viser i skrivet til at pårekna skatteinntekter er reduserte med om lag 350 millionar kroner. Pårekna skattevekst er dermed redusert frå 1,3 til 1,0 prosent. Regjeringa aukar kompensasjonen for gratis kjernetid i barnehage med 14,2 millionar kroner. For hausten 2018 er det løyvd 200 millionar kroner i tillegg til eksisterande tilskot til auka lærarinnsats på 1. til 4. årstrinn. Samla løyving for hausten 2018 er dermed 700 millionar kroner inklusive eksisterande øyremerkte pengar.

Realveksten i dei frie inntektene for kommune i 2019 er rekna til mellom 2,6 og 3,2 milliardar kroner. Auken i dei frie inntektene skal dekkja auka utgifter som følgje av befolkningsutviklinga, auka pensjonskostander, opptrappingsplan for rus og opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering. Det er også føreslått endringar i utbetalongstidspunkt for støtte til kommunereform for nye kommunesamanslåingar. Ramma for regionsentertilskotet er auka frå 100 millionar kroner i 2017 til 200 millionar kroner i 2018. Dette gjeld kommunesamanslåingar som få meir enn om lag åtte tusen innbyggjarar.

Ordninga med veksttilskot held fram og vert gjeve til kommunar som har meir enn 1,4 auke i befolkninga i gjennomsnitt dei tre siste åra.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox


Publisert: 23.05.2018 14:43
Sist endret: 23.05.2018 14:48