Facebook ikon Twitter logo Print side

Fekk 15 tusen kroner frå Drømmestipendet

20 år gamle Gerd Vårin Emmerhoff frå Kolltveit i Fjell er blant dei 100 ungdomane i landet som har fått 15 tusen kroner frå Drømmestipendet i 2018. I dag var ordførar, kulturskulerektor og ein representant for Norsk kulturskuleråd på plass for å overrekkja diplom i og sjekk til Gerd Vårin.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy overrekkjer diplom til Gerd Vårin Emmerhoff. Til venstre Egil Magnussen.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy overrekkjer diplom til Gerd Vårin Emmerhoff. Til venstre Egil Magnussen, Norsk kulturskuleråd.

Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping, og målet er at stipendet skal vera eit viktig bidrag til å oppfylla draumane til unge kulturutøvarar. Gerd Vårin har kunst og menneske som sin store lidenskap og får støtte frå Drømmestipendet under kategorien «anna». Ho ønskjer å formidla små og store augneblink gjennom foto og film, først og fremst der personar er i fokus.

- Eg er svært glad for at eg får dette stipendet. For meg er det viktig å fortelja historier som andre ikkje ser. Eg har lyst til å læra meir om foto og film, sa stipendmottakaren som frå hausten av skal studera interkulturell forståelse på NLA Høgskolen då ho tok imot stipend og sjekk i dag. Ho er først og fremst sjølvlært i foto og video, men har teke kurs i foto og video under eit opphaldet på ein bibelskule i Ålesund. Stipendmidlane frå Drømmestipendet vil ho bruka på kamerautstyr, evt. videoutstyr.

Gerd Vårin Emmerhoff har ingen A4-bakgrunn. Ho har budd i Kazakhstan frå ho var to år til ho fylte 19 år. Foreldra har arbeidd i det asiatiske landet (tidlegare ein del av Sovjetunionen) i eit prosjekt retta mot menneskehandel. Sist veke kom ho tilbake frå eit kortare opphald i landet.

- Eg må nok seia at Kazakhstan er heimlandet mitt. Dette er eit svært gjestfritt folk som elskar å drikka te. Eg har treft mange, blant anna tiggarar, og fått kjennskap til bakgrunnen og livet deira, sa Gerd Vårin som i ein travel kvardag tek seg tid til å ha ein deltidsjobb på Fjell sjukeheim.

- Du vågar å satsa

Ordførar Marianne Sandahl er glad for at Gerd Vårin på denne måten kan vera ein ambassadør for Fjell kommune.

- Du vågar å satsa og visa fram det du arbeider med. Det er spennande at du trekkjer fram dei som ikkje vert sett, sa ordføraren.

Egil Magnussen er til dagleg rektor på Askøy kulturskule. I dag representerte han Norsk kulturskuleråd.

- I 2018 får 100 ungdomar 15 tusen kroner kvar. I år var det åtte frå Hordaland som fekk stipend, og dermed kom du gjennom eit nålauga, sa Magnussen.

Frå venstre; Bjørn Andersen, Marinne Sandahl Bjorøy, Gerd Vårin Emmerhoff og Egil Magnussen.
Frå venstre; Bjørn Andersen, Marianne Sandahl Bjorøy, Gerd Vårin Emmerhoff og Egil Magnussen.

Totalt vart det i år delt ut 1,5 millionar kroner til ungdomar i Noreg som driv med kulturformidling. Kvar kommune kan nominera kandidatar i fleire sjangrar. Kulturskulerektor i Fjell, Bjørn Andersen, sa at Gerd Vårin var eit førebilte for andre som driv med kulturformidling.

Les meir her.
Sjå video her; Japan Outreach.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

 


Publisert: 14.06.2018 17:24
Sist endret: 14.06.2018 18:02