Facebook ikon Twitter logo Print side

Fekk gode råd frå brannvesenet

Sjølv om talet på omkomne i brannar har gått ned dei 10 siste åra, prioriterer brannvesenet det førebyggjande brannvernet høgt. I dag, på den internasjonale eldredagen, fekk eit 30-tals frammøtte på ei samling i Sotra Arena gode råd om korleis dei kan unngå brann og branntilløp.

Ove geir Stusdal gav gode råd om korleis ein kan førebyggja brannar i heimen.
Ove geir Stusdal gav gode råd om korleis ein kan førebyggja brannar i heimen.

Avdelingsleiar i Øygarden brann og redning IKS, Ove Geir Stusdal, viste til at det er eit politisk ønske om at dei eldre skal bu heime så lenge som mogleg. Det ønskjer svært mange eldre sjølv også.

- Likevel er det eit faktum at institusjonane er tryggare enn heimane med tanke på faren for brann. Personar over 70 år har fem gonger så høg risiko for å omkoma i brann enn resten av innbyggjarane. Over 80 prosent av dei som omkjem i brannar, dør i bustadbrannar, sa Stusdal.

Dei viktigaste årsakene til brann i heimane er brann i komfyren og open flamme ved omn og levande lys. Også feil i elektriske installasjonar er ei viktig årsak til brann i heimar.

- Får vi fjerna komfyrbrannar, reduserer vi 45 prosent av brannane. Merk også at personar med redusert funksjonsevne er særleg utsette, sa Stusdal.

Frå samlinga i Sotra Arena på tysdag.
Frå samlinga i Sotra Arena på tysdag.

Vi kan gjera mykje sjølv

Men det er mykje vi kan gjera sjølv. Fjell kommune tilbyr besøk til alle som fyller 75 år. På desse besøka vert det orientert om brannvern og tiltak som kan gjennomførast i heimane.

- Det kan installerast komfyrvakt, og vi oppmodar folk om å reingjera filteret i kjøkenventilatoren. Vidare kan du sjå til at røykvarslarane fungerer og redusera bruken av levande lys. Vi har ikkje heimel for å påleggja folk å installera røykvarslarar, men folk er heldigvis interesserte i å gjera det sjølv. Men vi kan koma med pålegg knytt til eldstad, sa Ove Geir Stusdal.

Leiar av Fjell eldreråd, Berit Anita Larsen, innleia med å informera om den interanasjonale eldredagen.

- Vi er ein viktig del av samfunnet, sa Larsen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 01.10.2019