Facebook ikon Twitter logo Print side

Fekk informasjon om StimuLab-prosjekt og «Rett i jobb»

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte i dag den politiske leiinga i Fjell kommune og dei i administrasjonen som arbeider med eit StimuLab-prosjekt og «Rett i jobb» retta mot flyktningar.

Frå venstre; varaordførar Tom Georg Indrevik, ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland
Frå venstre; varaordførar Tom Georg Indrevik, ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

StimuLab-prosjektet handlar om korleis ein skal samordna tenester for utsette barn og unge og deira pårørande i Nye Øygarden kommune. StimuLab er ei stimuleringsordning for innovasjon i offentleg sektor.

- Det er svært viktig å sjå barn i sårbare situasjonar, og då må dei ulike tenestene arbeida saman. Vi treng ta i bruk nye metodar og verktøy og spreia denne kunnskapen. Det er ikkje nødvendig at 355 andre kommunar i landet gjer det same som de gjer her, sa Monica Mæland etter å ha fått presentert prosjektet ved prosjektleiar Kristina Espeseth.

- Tilsette i den nye kommunen opplever at tenestene arbeider saman, og at aktuelle aktørar bidrar med tiltak og kompetansen sin. Slik vert den totale belastninga for ei teneste mindre, og ein unngår slitasje i tenestene og ei oppleving av å stå aleine i vanskelege saker, sa Espeseth.

«Rett i jobb»

Statsråden fekk også innføring i «Rett i jobb»-prosjektet. Leiar av flyktningtenesta, Monica Pedersen viste til den utfordrande situasjonen med den store flyktningstraumen til landet i 2015. Mange flyktningar hadde god kvalifikasjon og høg utdanning. I ein periode tredobla Fjell mottaket av flyktningar. Fjell kommune er tildelt midlar frå Fylkesmannen til prosjektet.

Kristina Espeseth og Monica Pedersen presenterte prosjekta
Kristina Espeseth og Monica Pedersen presenterte prosjekta.

- Hovudmålet med prosjektet er å utvikla ein metode som kan sikra språkkunnskap og god integrering hjå nye flyktningar, sa Pedersen.

Gjennom prosjektarbeidet har Fjell kommune utvikla ein metode for korleis ei verksemd kan ta flyktningar med høg utdanning eller lang arbeidserfaring rett i arbeid i staden for introduksjonsprogram. Dette har resultert i at ti flyktningar har kome raskt i arbeid utan å gå vegen om eit toårig introduksjonsprogram.

- Flyktningane er ein fantastisk ressurs. Det er desillusjonerande å sitja på eit mottak og ikkje verta integrert. Dette handlar både om viktigheten for enkeltmenneske, men også for kommunane og samfunnet. Kan vi få folk ut i arbeidet, skapar vi ein ny kvardag for folk, sa Monica Mæland.

Monica Mæland
Monica Mæland

Statsråden fekk sjå ein video der flyktningar fortalde om jobben dei har fått i Fjell kommune. Statsråden var imponert over kor flinke dei var i norsk. Ein av dei som har fått jobb, var glad for at han hadde fått jobb her ute.

- Eg er glad eg bur i Fjell. Hadde eg budd i byen, hadde eg nok berre vorte kjend med folk som er i same situasjon. Her er vi både nær byen og nær naturen, sa han på videoen produsert av ein av dei som har fått jobb i Fjell, Farshid Amini.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 23.08.2019