Her er ein del av dei som deltok på kurset i går.
Det var Sotra brannvern som heldt brannvernkurset der lærlingane mellom anna fekk prøva seg å sløkka brann. I tillegg vart det gjeve teoretisk opplæring. Dette er ein viktig del i opplæringsplanen for dei forskjellige faga.
I tillegg fekk lærlingane opplæring i førstehjelp. Det er også Sotra brannvern som står for denne opplæringa. Alle fekk prøva seg i hjartekompresjon.
Seinare på dagen var det kurs i ergonomi. Dette gjev gode råd om korleis ein skal få god kvalitet på måten arbeidsoppgåvene vert gjennomførte på, som til dømes løfteteknikk og korleis ein sit ved arbeidspulten. Det handla også å sikra seg god søvn og rett kosthald.
Dett er ein del av Fjell kommune sitt arbeid med helse, miljø og tryggleik.
Her er fleire bilete frå kursdagen
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Evelyn Persson
Sist endret: 26.09.2017