Facebook ikon Twitter logo Print side

Fekk medaljar for innsatsen sin i Tysklandsbrigaden

Fredag ettermiddag fekk 93 år gamle Ingolf Mikal Ulveseth utdelt to medaljar for innsatsen sin i Tysklandsbrigaden etter den andre verdskrigen.

Olga og Ingolf Mikal Ulveseth
Olga og Ingolf Mikal Ulveseth

Det var orlogskaptein Torstein Heimdal som delte ut medaljane på vegner av Forsvaret. I tillegg deltok kapteinløytnant Solfrid Karadas på markeringa. Heimdal viste mellom anna til det forsvarsminister Jens Christian Hauge sa om oppdraget til Tysklandsbrigaden.

- Målet som dei allierte har sett seg, er å gjera Tyskland til ein fredeleg medlem av folkets familie og til eit sant demokrati. Dei tek sikte på omdanna Tyskland og omskulera det tyske folk. Målet er ikkje å halda Tyskland nede og undertrykkja det tyske folk. Målet er å hjelpa Tyskland til å reisa seg, var orda frå den kjente forsvarsministeren. Heimdal oppsummerte sin tale med at målet var å sikra fred, demokrati og oppbygging av det tyske samfunnet.

Ingolf Mikal Ulveseth deltok i Tysklandsbrigaden første halvår 1947 (brigade 47). Dei fleste norske soldatane i brigaden vart frakta til og frå Tyskland med KNM «Svalbard».

- For mange var dette den første reisa til utlandet. Dei norske soldatane møtte eit krigstrøtt Tyskland som måtte få livet til å gå vidare. Det som imponerte mange av nordmennene var dei flotte motorvegane i Tyskland, sa Torstein Heimdal.

Det var orlogskaptein Torstein Heimdal som delte ut medaljane.
Det var orlogskaptein Torstein Heimdal som delte ut medaljane.

Stolt ordførar

Ordførar gratulerte på vegner av Fjell kommune.

- Eg må få seia at det er ei stor æra å få lov til å vera ein del av denne markeringa. Eg er stolt over at Fjell kommune har innbyggjarar som har delteke i internasjonale operasjonar og som har kjempa og arbeidd for fred og gjenoppbygging, sa ordføraren.

Ho viste til at medaljemottakaren representerer ei tid som ho sjølv ikkje har vore ein del av.

- Du har erfaringar og livsopplevingar som vår generasjon har vore forskåna for. Det er viktig for oss å tenkja på at vårt land ikkje alltid har vore så rikt som det er nå, at nokre har gått framfor å kjempa for vår fridom og vår sjølvstendigheit, sa Marianne Sandal Bjorøy.

Ordførar Marianne Sandahl talar til medaljemottakaren.
Ordførar Marianne Sandahl talar til medaljemottakaren.

Ingolf Mikal Ulveseth og kona Olga fortel at maten nok var litt uvanleg for dei norske soldatane. Det var ikkje alle som var heilt fortruleg med å verta servert kvitt brød og te til måltida. Dei måtte også gå med litt uvante britiske uniformer.

Då Ingolf kom tilbake frå Tyskland vart det etter kvart tid for giftarmål med Olga. Ingolf arbeidde på Knarrevik-anlegget (Norwegian Talc) fram til 1969. Seinare var han arbeidsleiar for ferdighus hjå Namtvedt på Ågotnes og deretter Rieber Bygg. Dei siste åra før han vart pensjonist, var han tilsett hjå Alfred Andersen i Sotra Bruk. Samstundes var han det han sjølv kallar «hobbybonde» på gardsbruket på Ulveseth.

Dei to medaljane som vart tildelte Ingolf Mikal Ulveseth, var TYBRIG-medaljen for innsats i Tysklandsbrigaden og Intops-medaljen som vert tildelt personell i utanlandsoppdrag i nyare tid.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa i dag


Publisert: 27.10.2017 21:09
Sist endret: 27.10.2017 21:24