Facebook ikon Twitter logo Print side

Fekk utdelt kompetansebevis

I går fekk Amalie Oldeide overrekt kompetansebevis på Basecamp Repro. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som delte ut beviset.

Amalie Oldeide og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Amalie Oldeide og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy

Kompetansebeviset tek utgangspunkt i eit kompendiet «Opplæring i sykkelreparatørfaget» av Rasmus Leiro. Kandidatane som går opp til prøve, vert å prøvd i fem tema med utgangspunkt i kompendiet. Prøven varer i 4 tima r etterfølgd av ein samtale der kandidaten vert spurd ut om arbeidet.

For Amalie Oldeide var dette ein flott dag.

- Det var kjekt at ordføraren kom og delte ut kompetansebeviset. Det er fint at eg kan ha dette på CVen min. Det er jo eit skriftleg bevis på at eg kan noko om sykkel. Eg har halde på med dette i to år og har kunnskap om mange forskjellige syklar, seier Amalie.

Heilt konkret representerer kompetansebeviset ei formalisering av den kunnskapen til kandidaten, og vil gjera det lettare for ein potensiell arbeidsgjevar å gje arbeid innanfor fagfeltet sykkelreparasjon.

- Kompetansebeviset gjør altså at den/dei som har det stiller sterkare i ein jobbsøkarsituasjon. I tillegg vil det for fleire av ungdomane som er på sykkelverkstaden representera eit mål, noko ein kan strekkja seg etter, noko ein man kan meistra. Difor var det stor stas og litt høgtid då ordføraren kom og delte ut kompetansebeviset. Det sette vi og Amalie pris på, seir ungdomsdiakon og dagleg leiar av Basecamp, Jon Andreas Tjentland.

Foto: Kjell Andersland

Her er fleire bilete frå overrekkinga:

Frå venstre; Raymond Riise (mekanikar og motivator), Ida Pettersen (rettleiar), Amalie Oldeide og Jon Andreas Tjentland (dagleg leiar)


Sist endret: 13.09.2019