Facebook ikon Twitter logo Print side

Fem nye rektorar på plass i skulen i Fjell

På onsdag er det skulestart. Fem av skulane har fått ny rektor.

Skulesjef Wilhelm Anglevik saman med dei nye rektorane framfor rådhuset. Frå venstre; Anglevik, Siri Haaland (Hjelteryggen), Rune Golf (Tranevågen), Dagfinn Ellingsen (Liljevatnet), Rannveig Bungum (Misje) og Ninna Pettersen (Fjell vaksenopplæring).
Skulesjef Wilhelm Anglevik saman med dei nye rektorane framfor rådhuset. Frå venstre; Anglevik, Siri Haaland (Hjelteryggen), Rune Golf (Tranevågen), Dagfinn Ellingsen (Liljevatnet), Ranveig Bungum (Misje) og Nina Pettersen (Fjell vaksenopplæring).

På Tranevågen ungdomsskule er Rune Golf ny rektor. Han kjem frå rektorstillinga på Olsvik i Bergen og har overteke rektorjobben på Tranevågen etter Johnny Eide. Siri Haaland kjem frå stillinga som assisterande rektor på Kleppe skole på Askøy og har teke over som rektor på Hjelteryggen skule etter Pål Stian Pedersen.

Dagfinn Ellingsen har vore rektor på Misje skule dei siste åra. Frå august av er han rektor på Liljevatnet skule etter fungerande rektor Ingunn Bente Lie. Ny rektor på Misje skule er Ranveig Bungum. Nina Pettersen er ny rektor på Fjell vaksenopplæring. Ho har overteke denne stillinga etter Britt Eide Knudsen. Pettersen kjem frå stillinga som avdelingsleiar på Sund vaksenopplæring.

Skulesjef  Wilhelm Anglevik er godt nøgd med at desse tilsetjingane er på plass.

- Det er spennande med nye medarbeidarar. Det er flott at vil både nyttar skulefolk frå Fjell og får leiarar frå nabokummunane Askøy, Sund og Bergen, seier Anglevik.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 14.08.2017 15:28
Sist endret: 14.08.2017 15:43