Facebook ikon Twitter logo Print side

Fem veker igjen til Gjensidige Cup

5. - 8. april vert det nok ein gong invitert til handballfest i Sotra Arena. I Gjensidige Cup 2018 møter Noreg toppnasjonane Danmark, Island og Frankrike i ei firenasjonarsturnering. Publikum vil oppleva handball i verdsklasse.

Ein av landslagsspelarane for Noreg, Kent Robin Tønnesen. Foto: Stephane Pillaud.
Ein av landslagsspelarane for Noreg, Kent Robin Tønnesen. Foto: Stephane Pillaud.

Noreg imponerte stort med sølv i VM i Frankrike i januar 2017, og det norske landslaget hevda seg også godt i EM i Kroatia i januar i år med ein sjuandeplass. Forventningane er store når bronsevinnar Frankrike kjem til Sotra Arena. Også Danmark gjorde det godt med ein femteplass i turneringa i januar. Alt ligg til rette for seks spennande handballandskampar i Sotra Arena i april.

Det er TV2 som har rettane til å visa kampane på TV. Men det vert mykje TV-folk å sjå i Sotra Arena desse dagane. Det er godt sal av billettar til kampane. Du finn meir informasjon om kampoppsett og billettsal på nettsida til Norges Håndballforbund.

I tillegg til TV2, stiller både Island, Danmark og Frankrike med eigne TV-team for dekkja dette store arrangementet som gjerne vert kalla Champions League for handballgutane. Les meir her.

Handballprofilar

Med deltakarar frå toppnasjonar som Danmark, Island og Frankrike vert det fleire internasjonale idrettsprofilar å sjå på Sotra i april. Ein av dei mest kjende er den danske spelaren Mikkel Hansen som vart kåra til verdas beste herrespelar i 2011 av det internasjonale handballforbundet. Han kan mellom anna visa til EM-gull med Danmark i 2012.

Kampane startar torsdag 5. april kl. 18.15 der Noreg skal spela den første kampen. Det vert spela to kampar torsdag, laurdag og sundag. Noreg spelar den første kampen alle dagane. Det detaljerte kampoppsettet er ennå ikkje klart.

På same måte som under Møbelringen Cup vert det ei rekkje aktivitetar knytt til turneringa. Det vert mellom anna næringslivsseminar og ei rekkje aktivitetar for barn og unge. Både Vest Næringsråd og Sartor Storsenter vert involverte i dette.

I løpet av dei siste åra er det gjennomført ei rekkje landskampar i Sotra Arena. Det er etablert eit nært og godt samarbeid med Norges Håndballforbund, region vest.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 28.02.2018 08:30
Sist endret: 28.02.2018 08:34