Facebook ikon Twitter logo Print side

Fest for frivillige med kvednakorstev

På torsdag i sist veke var det fest for dei frivillige på Kvednatunet.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Frivillige til fest på Kvednatunet

Kvart år samlast frivillige til fest på Kvednatunet. Vi gler oss alltid til denne samlinga, rett og slett fordi vi trivst i lag og fordi troppen av frivillige gir oss så mykje glede. Kvart år komponerer også Rolf Landøy eit lite stev. Årets stev har vi lyst å dele med fleire.

/:Såg du`n Lars Lenkelifot, såg du`n Lars Leira?:/
Æ såg`n i går, han kjem vel i dag, træftest oppå veia.
Oppme Leirbrua, slakta grå kua.
Kjære du Per, hjølp mæ du,sner, hjølp mæ heim me verom.

Vi er vel heldige vi, i Kvednakoret
Vi er no passeleg små, og passeleg store.
Vi e glad vi e til. Og gjer kva vi vil. Så syn vi so det ljomar
Om vinter og sommar, og våren som kommer
Songgled har vi,-bylgja den tar vi – her i Kvednakoret!

No er vi samla til fest på Kvednatunet
Folket er tydeleg i ekstra godt lune
Vi har det bra, alle er gla, stemninga i taket
Maten han smaka, herlege kaka
Glede og gaman når vi er saman, her på Kvednatunet

Med helsing
Tonje Tangen Alvsvåg
Styrar Kvednatunet


Publisert: 26.02.2018 11:52
Sist endret: 26.02.2018 11:56