Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell er eit demensvennleg samfunn

Som kommune nummer to i Hordaland skreiv Fjell kommune og Nasjonalforeningen for folkehelsen i dag under på ein samarbeidsavtale som slår fast at Fjell er eit demensvennleg samfunn. Totalt har 86 av kommunane i landet underteikna samarbeidsavtalen.

Marianne Sandahl Bjorøy og Lisbet Rugtvedt skriv under samarbeidsavtalen.
Marianne Sandahl Bjorøy og Lisbet Rugtvedt skreiv under samarbeidsavtalen.

Det var ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy og generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Lisbet Rugtvedt som underteikna avtalen under ei markering på rådhuset.

- Det er om lag 77 tusen menneske som har demenssjukdom i Noreg. Dei aller fleste bur heime. Livet kan verta lettare for dei om dei vert opplever forståing og hjelp. Noko av det viktigaste er å spreia kunnskap, sa Rugtvedt då ho hadde ordet etter signeringa. Også Ingvild Tjønn Hansen, aktivitetskoordinator demens på avdelingskontoret til foreininga for Hordaland og Sogn og Fjordane, var representert på markeringa i dag.

Med denne avtalen vert det etablert ei arbeidsgruppe som arbeider med kampanjen lokalt. Arbeidsgruppa held kurs for tilsette i privat og offentleg servicenæring i kommunen. Nasjonalforeningen for folkehelsen hjelper til med kursmateriell.

Ordførar Marianne Sandahl ønskte forsamlinga velkomen under markeringa i dag.

- I Fjell har vi eit godt tillitsforhold mellom politikarar og administrasjon. Det fører til at ting skjer raskt, ikkje minst gjeld den innan helse og omsorg, sa ordføraren. Omsorgssjef Line Barmen var glad for at politikarane delegerte mykje og gav administrasjonen fullmakter i arbeidet med omsorg.

Leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, overrekte eit eksemplar av rapporten «Sjef i eige liv» som mellom anna omtalar det førebyggjande arbeidet retta mot dei som er ramma av demens. Leiar i eldrerådet Berit Anita Larsen sa at dei demente har krav på eit fullverdig liv og at det er behov for meir hemetenesta for de demente som bur heime. Ho delte også ut litt ros.

- Eldrerådet vert teke imot på ein fantastisk måte i Fjell, sa Larsen.

Mange med demenssjukdomen opplever isolasjon og einsemd som følgje av at samfunnet rundt ikkje er godt nok lagt til rette. Nasjonalforeningen for folkehelsen meiner at med ganske enkle tiltak i nærmiljøet kan ein gjera det mogleg for personar med demenssjukdom å vera meir aktive og sjølvhjelpne.

Rekrutterer rettleiarar

Organisasjonen Noen AS har etablert eit verdibasert kompetansemiljø der medarbeidarane har inngåande kunnskap om personsentrert omsorg og helsefremming ved kognitiv svikt og demens.

Prosjektkoordinator Bodil Giil hjå Omsorgssjfen i Fjell (til venstre) og Heidi Wang i Noen AS.
Prosjektkoordinator Bodil Giil hjå Omsorgssjfen i Fjell (til venstre) og Heidi Wang i Noen AS.

- Vi rekrutterer ein ny type helsearbeidarar som arbeider med dette. Vi vil gjerne rekruttera folk lokalt som kan verta betalte rettleiar på deltid, seier Heidi Wang som er mulighetsagent i Noen AS.

I rettleiinga nyttar Noen KuPA-metoden (Kunnskapsbasert Personsentrert Aktivitet). Metoden er utvikla for å auka livskvaliteten og har dokumentert verknad på heimebuande.

Her er fleire bilete frå markeringa i dag:

 

 



Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 18.01.2018 15:33
Sist endret: 18.01.2018 15:40