Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell får 2,5 millionar til kommunepsykologar

Fjell kommune er tildelt 2,46 millionar kroner i tilskot til kommunepsykologar for 2019. Konkret er det gjeve tilskot til seks heile stillingar til psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstentestene i kommunen.

Logo

Helsesjef Terje Handal gler seg over at staten prioriterer dette feltet.

- Dette er midlar vi må søkja om, og resultatet var litt i overkant av det vi hadde forventa. Fjell kommune har prioritert psykologtenesta, og dette er ei statleg satsing for å styrkja kommunepsykologtenesta i kommunane. Tilskotet kjem godt med, seier Handal.

I tilskotet er det inkludert kr 10 tusen kroner pr. stilling som er øyremerkt til deltaking på nasjonal samling for leiarar og psykologar som Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) arrangerer og deltaking på samlingar som Fylkesmannen og regionale kompetansesenter arrangerer.

Her kan du lesa tildelingsbrevet og her kan du lesa om korleis pengane skal brukast.


Tekst: Vigleik Brekke


Sist endret: 18.03.2019