Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell kjem godt ut i test til Forbrukerrådet

Forbrukerrådet har testa kor gode kommunane er til å hjelpa folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester. For testen i 2019 kjem Fjell på 11. plass på landsbasis og som nummer to i Hordaland etter Bergen.



Alle kommunene er testa, på til sammen nesten 30 tusen opplysningar via telefon, e-post og nettsider. Store kommunar gjer det oftast best, ifølgje Forbrukerrådet.


Årets vinnarkommune Nesset har omkring tre tusen innbyggjarar, medan sølvmedaljevinnaren Bergen har nærare 300 000 innbyggjarar. Testen viser at store kommunar generelt får best resultat, men det er verdt å merka seg at fleire små kommunar har kapra plassar i teten, skriv Forbrukerrådet på nettsida si.

Rådmann Steinar Nesse gler seg over resultatet av testen.

- Eg gratulerer heile servicetorget som alle jobbar med informasjon! Eg vil også gje ein spesiell takk til kundevertane i skranken som møter folk, både dei som ringjer og dei som møter opp personleg på ein fantastisk måte. Det erfarer eg sjølv også! Dei er eit føredøme på korleis ein kommune skal vera og opptre, seier Nesse.

Forbrukerrådet har testa i kva grad kommunane kommuniserer opplysningar om ulike tenester og tilbod. For å få eit realistisk inntrykk av korleis folk vert møtt, har testmedarbeidarane stilt spørsmål som om dei var privatpersoner. Forbrukerrådet opplyser at det vart søkt informasjon om skulefritidsordninga, byggesaksbehandling og moglegheita for å få fast heimehjelp. Svara er vurderte etter hurtigheit og relevans. Det er sendt tre separate e-postar, og teke to telefonsamtaler til kvar kommune. I tillegg har Forbrukerrådet lett etter 24 ulike informasjonselement på nettsida til kommunane på både mobil og stasjonær datamaskin.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 11.02.2019