Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell kommune er nominert til nasjonal innovasjonspris

Saman med Trondheim og Ulstein kommunar er Fjell kommune nominert til innovasjonsprisen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for 2019. Bidraget frå Fjell er Rett i jobb-prosjektet som gjer det mogleg for flyktningar å kombinera jobbpraksis og språkopplæring og dermed oppnå raskare integrering.

Illustrasjonsfoto

Rådmann Steinar Nesse er stolt over at Fjell kommune er blant dei nominerte.

- Dette er ein svært gjev pris, og eg er stolt over at Fjell er mellom tre nominerte. Det systematiske arbeidet med utvikling og innovasjon som alle i organisasjonen har bidrege til, vert no honorert gjennom denne nominasjonen. Det kan alle, både politikarar og tilsette, ta til seg, seier Nesse.

Juryen har vurdert 20 kommunar og 40 innovasjonsprosjekt og konkluderte på det siste møtet at dei tre kommunane skal nominerast til innovasjonsprisen.  Juryen meiner at desse kommunane har vist heilskapleg innovasjonsarbeid som er framtidsretta systematisk og treffer ulike behov.

Dei tre kommunane skal vera i Fremtidens kommuner i Arendal 6. og 7. juni. Vinnaren av prisen får 500 tusen kroner. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og departementet ønskjer å spreia og dela erfaringar frå kommune-Noreg. Filmklipp og søknadene til dei som har søkt om innovasjonsprisen vert lagt ut på nettsidene til Difi etter prisutdelinga. I Fjell vert det gjennomført videoopptak i tida 14. til 16. mai.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox


Sist endret: 06.05.2019