Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell kommune inviterer til markering av Verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse er ein nasjonal kampanje for meir openheit om psykisk helse. I Fjell kommune skal vi ha to arrangement i anledning Verdsdagen.

Årets tema er «Noe å glede seg over»

Målet er å oppfordre folk til å finne de små og store tingene rundt seg som gir glede for deg selv og andre. Glede kan gi bedre psykisk helse i hverdagen.

Bilete frå markeringa av Verdsdagen frå Sotra Arena i fjor.

Mål for årets kampanje

Logo for Verdsdagen for psykisk helseGjennom arrangementene skal vi:

  • Øke kunnskapen om psykisk helse og hva som gir gode levevaner
  • Spre informasjon om at å kunne glede seg over noe gir bedre psykisk helse
  • Oppfordre folk til å skape meningsfulle hverdag for seg selv og andre

Tysdag 17 oktober

Tysdag 17. oktober, kl 18.00-20.00 ønsker Rask psykisk helsehjelp for vaksne, psykiatritenestene i Fjell, Sund og Øygarden og Frisklivs- og meistringssenteret dykk velkomen til vårt arrangement:

«Ikkje ver så slem med deg sjølv!»
Arrangementet er eit føredrag ved professor i klinisk psykologi Per-Einar Binder, som har fokus på sjølvmedkjensle.

Pris: Gratis
Stad: Kultursalen, Fjell rådhus

Nærmare opplysingar ved:
Kommunepsykolog Kyrre Dyregrov, kyrre.dyregrov@fjell.kommune.no, mob 47903799

Sjå poster for «Ikkje ver så slem med deg sjølv!» arrangementet.

Onsdag 18. oktober

Onsdag 18. oktober, kl 09.00-10.30 inviterer kommunepsykologane for barn og unge i Fjell i samarbeid med ungdomsskulane i kommunen, MOT, TAM (Norsk Jeger- og Fiskeforbund) alle ungdomsskuleelevane i kommunen til eit arrangement i Sotra Arena. Der blir det føredrag av Hein Kvalheim frå «Ingen Grenser» og innlegg og dans frå Daniel Grindeland frå Absence Crew. Begge vil ha fokus på kva som gir meistring i kvardagen, særleg når den kan vere ekstra tung. Det vil og vere bidrag frå alle 3 ungdomsskulane i kommunen.

Nærmare opplysningar ved:
Kommunepsykolog Gro Berge, gro.berge@fjell.kommune.no, mob 48238671

Verdensdagen for psykisk helse

  • Internasjonal FN-dag 10. oktober. I Norge har vi lokale markeringer i ukene 39-42
  • Norges største opplysningskampanje og dugnad for psykisk helse
  • Over 900 arrangementer på landsbasis
  • Skaper åpenhet og kunnskap om psykisk helse. Alle har en psykisk helse!

Lenker

#verdensdagen #psykiskhelse #minglede
Heimesida til Verdsdagen for psykisk helse
Informasjon om Verdsdagen på Facebook


Publisert: 06.10.2017 07:45
Sist endret: 10.10.2017 10:51