Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell kommune kjøper Vestnytt-bygget

Fjell kommune skal kjøpa kontorbygget til Vestnytt i Skjenet 2 på Straume. Dette var eitt av fleire vedtak i kommunestyret i dag.

Vestnytt-bygget
Vestnytt-bygget

Det er Vestnytt som har teke kontakt med kommunen med spørsmål om det kan vera aktuelt for kommunen å kjøpa bygget. I utgreiinga skriv rådmannen at han vurderer innspelet som interessant sidan kommunen manglar kontorplassar. Før kommunestyret har rådmannen i eit notat synleggjort behovet for meir kontorplass.

Ein tilstandsrapport viser at det er behov for 1,5 millionar kroner til vedlikehald og nødvendige utbetringar. Det samsvarar i stor grad med Eigedomssjefen som har kalkulert vedlikehald og utbetringar til to millionar kroner. I tillegg må ein rekna med 750 tusen kroner til installasjon av heis i bygget. Kjøpet vert finansert med låneopptak.

Overfører areal for å få realisert turnhall på Straume

Kommunestyret vedtok samrøystes at Fjell kommune overfører areal i Straume Idrettspark til Sotra Sportsklubb. Bakgrunnen er at Sotra Sportsklubb planlegg å byggja ein turnhall med parkeringsgarasje knytt til Sotra Arena.

Turnhallen er plassert delvis inn på parkeringsplassen til Sotra Arena i nord, og ein tredel av grunnflata ligg på eigedomen til Fjell kommune, medan resten av grunnflata ligg på eigedomen til Straume Idrettspark AS. Kommunestyret vedtok altså at Fjell kommune overfører den aktuelle delen av grunnflata frå Fjell kommune til Straume Idrettspark. Utbygginga vil føra til bortfall av 25 merkte kommunale parkeringsplassar og oppstillingsplass for ytterlegare 20-25 bilar ved store arrangement. Til erstatning har Sotra Sportsklubb sett av 25 parkeringsplassar til disposisjon for Fjell kommune på det planlagte parkerkingsarealet nordvest for turnhallen.

Turnhallen har ei samla grunnflate på 2 220 kvadratmeter og er kostnadsrekna til 65 millionar kroner. I tillegg kjem innreiing, utomhusarbeid og etablering av seks nye banar for femmarfotball på restarealet på Sartorbanen. Hovuddelen skal finansierast med midlar frå Trond Mohn.

I vedtaket går det fram at rådmannen får fullmakt til å utarbeida og inngå avtale med Sotra Sportsklubb. I denne avtalen skal det fokuserast på parkering og etablering av trygge gangareal for dei mjuke trafikantane.

Ønskjer å verta sykkelby

Kommunestyret vedtok at Fjell kommune søkjer fylkeskommunen og Statens vegvesen om å verta sykkelby. I søknaden til Statens vegvesen om tilskot til gang- og sykkelveg skal ein prioritera fylkesveg 209 Foldnesvegen og kommuneveg 47 Bildøyvegen. Det er vegvesenet som administrerer tilskotsordninga. Denne ordninga kan finansiera inntil 50 prosent av kostnadene for politisk vedtekne tiltak.

Retningslinjer knytt til offentleg vass- og avlaupsnett

Kommunestyret godkjente retningslinjer for dispensasjon frå krav i plan- og bygningslova om tvungen tilknyting til offentleg vass- og avlaupsnett.

Med røystene til Ap, SV, Høgre, KrF, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne vart det fleirtal for eit vedtak om at dersom kostnaden til investering i privat anlegg for å nå fram til offentleg vassleidning er større enn 75 tusen kroner, kan kommunen vurdera å godkjenna anna ordning. For avlaupsleidning er grensa sett til 175 tusen kroner.

Mindretalet på åtte medlemer (FrP, Sotralista og Sp) røysta for at grensene skulle vera 50 tusen kroner for vatn og 100 tusen kroner for avlaup (samla kr. 150 tusen kroner pr. bustad). I dette beløpet skal inngå kostnader for kommunal søknad om tiltak for grøfter, opparbeiding av grøfter, materiell og røyrleggjararbeid mellom bustad og FjellVAR sine røyrleidningar. I mindretalsframlegget heiter det også at tilknytingsgebyret til FjellVAR skal også vere inkludert i dei samla kostnadane.

Vil setja av meir pengar til lokalmedisinsk senter

I samband med gjennomgang av årsmelding og rekneskap for 2016, vedtok kommunestyret å auka avsetjinga til drift av lokalmedisinsk senter (LMS) frå seks til ti millionar kroner. Dette samsvarar med opphavleg budsjett. Rådmannen hadde innstilt på at det rekneskapsmessige mindreforbruket på 12,3 millionar kroner skulle avsetjast til disposisjonsfondet. Konsekvensen av vedtaket er at det vert avsett 8,3 millionar kroner til disposisjonsfondet, medan fire millionar kroner vert avsett til LMS. Netto driftsresultat for Fjell kommune i 2016 var på 13,6 millionar kroner.

Forskrift om kriterium for tildeling av langtidsopphald i institusjon eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns teneste

Kommunestyret vedtok den lokale forskrifta med eit tillegg til paragraf 3 om at vurdering og kartlegging av behov vert gjort i samarbeid med verje i tillegg til pårørande, nabo eller anna kontaktperson ved heimebesøk.

Omval av kandidatar til styret i Sotra og Øygarden brannvesen

Kommunestyret gjennomførte omval av samansetjinga av styret for Sotra og Øygarden brannvesen (SØB). Grunnen til omvalet er at det samla styret ikkje har den lovpålagte kjønnssamansetjinga.

Kommunestyret valde Sveinung Vethe (Ap) med Anita Undal (H) som personleg varamedlem og Elna Nybakk (Sotralista) med Knut Thore Algrøy (KrF) som personleg varamedlem til styret i SØB. Funksjonstida i styret er for ein periode på to år.

I samband med at FjellVAR skal gjennomføra generalforsamling den 23. mai, der ordføraren formelt er generalforsamling, vart årsmelding og rekneskap lagt fram for drøfting i kommunestyret med sikte på å gje innspel til ordføraren.

Strategi og handlingsplan for Gode Sirklar vart lagt fram for kommunestyret til orientering.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Estima Vest

 


Publisert: 18.05.2017 18:05
Sist endret: 18.05.2017 18:14