Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell kulturskule skal delta i rettleiingsordning

Fjell kulturskule er ein av 58 kulturskular i landet som er teken opp i eit rettleiingsprosjekt i regi av Norsk kulturskoleråd.

Fjell kulturskule bidrar med framføring på ei rekkje arenaer. Her er det barnehagebarn som er i aksjon ved starten av kommunestyremøtet 21. juni i år.
Fjell kulturskule bidreg med framføring på ei rekkje arenaer. Her er det barnehagebarn som er i aksjon ved starten av kommunestyremøtet 21. juni i år.

I perioden 2019–20 vil Fjell, Jondal, Odda og Ullensvang vera kommunane i Hordaland som får rettleiing i kulturskuleutvikling. Norsk kulturskuleråd opplyser at det har vore stor interesse for å delta i denne ordninga. Rettleiinga strekkjer seg over tre semester, med start i januar 2019.

Kulturskolerådet tilbyr rettleiing av høg kvalitet til dei som er med. Gjennom rettleiing skal kulturskuleeigar, -leiar og -lærarar verta betre i stand til å driva utviklingsarbeid sjølv.

- Alle i Fjell kulturskule ser fram til å delta i utviklingsarbeidet og ikkje minst få samarbeida fagleg med dei andre kulturskulane som er med i prosjektet, seier kulturskulerektor Bjørn Andersen.

Fjell kulturskule er alt i dag eit ressurssenter for kommunen og regionen. Samarbeidet innanfor kommunen omfattar skulane, Kultursjefen, Barnehagesjefen, Omsorgssjefen og det frivillige kulturlivet. I regionen omfattar samarbeidet Askøy, Os, Fusa, Sund og Øygarden kommunar.

- Vi forventar at rettleiingsprosjektet vil føra til auka kvalitet, seier Andersen.

 


Publisert: 01.11.2018 14:37
Sist endret: 01.11.2018 14:46