Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell må vurdera revisjon av budsjettet

Fylkesmann Lars Sponheim meiner at Fjell kommune om nødvendig må gjennomføra budsjettrevisjon etter første tertial ( 30.04.) og justera ned budsjetterte frie inntekter (skatteinntekter og rammetilskot). I brevet der han gjennomgår budsjettet for 2017 skriv han også at det må vera ei målsetjing å få eit større netto driftsoverskot enn i opphavleg vedteke budsjett for 2017.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Fylkesmann Lars Sponheim
Fylkesmann Lars Sponheim

Fylkesmannen skriv brev til at alle kommunane i fylket der han vurderer budsjettet for året. Han skriv at dei budsjetterte frie inntektene for Fjell kommune kan vera for høge og at skilnaden mellom budsjetterte inntekter og førebels inntektsprognose er i overkant av 11 millionar kroner. I brevet vert det også vist til at Fjell kommune er ein av dei kommunane i fylket som har høgast arbeidsløyse.

- Dette kan føra til økonomiske utfordringar for kommunen både med omsyn til svakare skattevekst og auka sosiale utgifter, skriv Fylkesmannen.

I budsjettet for 2017 har Fjell kommune lagt inn eit netto driftsresultat på 6,9 millionar kroner. Det tekniske berekningsutvalet (TBU) har rådd til at driftsoverskotet bør vera noko høgare enn 1,75 prosent av driftsinntektene. Netto driftsresultat i Fjell kommune har dei siste åra hatt ei positiv utvikling. Førebels netto driftsresultat for 2016 er 13,6 millionar kroner. Dette utgjer 0.9 prosent av driftsinntektene. Fylkesmannen meiner at driftsoverskotet burde vore på same nivå som i 2015 (31,7 millionar kroner).

Her kan du lesa brevet Fylkesmannen har sendt til Fjell kommune.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Publisert: 20.03.2017 13:50
Sist endret: 20.03.2017 13:54