Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell spleiser på finansiering av gang- og sykkelveg

Formannskapet vedtok samrøystes i dag å delta i eit spleiselag saman med Statens vegvesen for å byggja gang- og sykkelveg langs den kommunale Bildøyvegen (kv 47). Kommunen tek på seg å finansiera halvparten av kostnaden med prosjektet.

Bildøyvegen. Foto: Atle Justad.
Bildøyvegen. Foto: Atle Justad.

I mai i år vedtok kommunestyret å søkja om å verta sykkelby. Det vart også vedteke å prioritera fylkesveg Foldnesvegen (209) og den kommunale vegen Bildøyvegen (47) i søknad om tilskot til gang- og sykkelveg frå Statens vegvesen. Den kommunale eigendelen må vera politisk vedteken ved søknadstidspunktet, og fristen for å senda søknad til Staten vegvesen er 1. september.

Fylkeskommunen har gjeve positive signal om å prioritera halve finansieringa av Foldnesvegen. I ettertid ser ein at det ikkje er realistisk å søkja om tilskot til denne vegen i år ettersom ein heilskapleg reguleringsplan trengst før ein startar opp. I dei to siste trafikksikringsplanane for Fjell kommune er det vedteke å setja av 40 millionar kroner til Bildøyvegen og 850 tusen kroner til veglys mellom Sjøfronttunnelen og Ankerhagen langs Bildøyvegen.

I saksutgreiinga vert det vist til at Bildøyvegen er ei innfartsåre til kystbyen som også får trafikk til og frå barnehagar, barneskulen på Kolltveit og ungdoms- og vidaregåande skule på Bildøyna. Med vedtaket i dag sluttar formannskapet seg til innstillinga frå rådmannen om at Fjell kommune finansierer gang- og sykkelveg langs Bildøyvegen i spleiselag med Statens vegvesen og at kommunen nyttar midlane som er fordelte gjennom kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020.

Forbodssone mot privat fyrverkeri på Straume

Formannskapet vedtok at høyringsframlegg om lokal forskrift om forbod mot fyrverkeri vert lagt ut til høyring i to månader. I utgreiinga viser rådmannen til at det vert skote opp mykje fyrverkeri i Fjell. Talet på ulukker er ikkje høgt, men det er alltid ein risiko for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Saksframlegget er ei oppfølging av at den politiske leiinga har bedt om forslag til lokal forskrift om forbod mot privat oppskyting av fyrverkeri i nokre soner i straumeområdet.

Tilrår nytt hamneselskap

Formannskapet går inn for at Fjell kommune for sin del godkjenner at det vert etablert eit interkommunalt selskap med namnet Bergen og Omland Havn IKS. I november 2016 vart det nye regionale hamneselskapet Bergen og Omland Havn AS stifta av dei 11 kommunane som tidlegare utgjorde Bergen og Omland havnevesen. I løpet av arbeidet med det nye selskapet vart det klart at det er nødvendig å etablera eit selskap med anna selskapsform enn aksjeselskap, til dømes eit interkommunalt selskap, for å behandla lovpålagte oppgåver etter hamne- og farvannslova. Denne saka byggjer på ei sak utarbeidd av Bergen kommune der det vert føreslått å etablera eit interkommunalt selskap for å ivareta dei lovpålagte oppgåvene. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 30.08.2017 16:55
Sist endret: 30.08.2017 17:10