Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell ungdomsskule med fargerik fest for mangfaldet

Regnbogedagen på Fjell ungdomsskule blei ein minneverdig dag der tøffe ungdomar viste kva det vil si å være seg sjølv.

Maren K. Sekkingstad framfor elevane.
Maren K. Sekkinstgad framfor elevane.

– Det er ingenting som er "typisk homo", eg er ei jente som forelskar meg i jenter, men utanom det er det ingenting typisk ved meg.

Slik lydde eitt av utsegnene i kantinen på Fjell ungdomsskule på torsdag sist veke, der ei forsamling på nærare 500 elevar med usedvanleg fargesprakande klede og regnbogefarga band rundt handledda vitna om ein litt annleis skuledag.

Fokuset var å feira mangfaldet og kjærleiken, likegyldig til om den er retta mot ein av motsett eller av same kjønn.

Unge stemmer med mot

Saman med forfattar Maren K. Sekkingstad, gav elevar frå skulen innblikk i korleis det er å vera homofil, koma ut av skapet og stå opp mot alle de fordomane og malplasserte skjellsorda som møter ein som er litt annleis.

Til rungande applaus avslutta ein av dei unge stemmene ved skulen, Andreas Carlsen Halvorsen, med sin eigen historie om korelis det var for han å koma ut av skapet i løpet av ungdomsskulen:

– Eg har ikkje fått noko drit slengt etter meg fordi eg er meg, og det er eg utruleg glad for. Tusen takk for det, alle!

Elevane sitt eige initiativ

Regnbogedagen kom i stand på elevane sitt eige initiativ, under stødig leiing av dei sosialt engasjerte MOT-elevane på skulen. For å delta på festen kom også fotballspelarar og MOT-ambassadørar frå SK Brann, som avslutta dagen med en appell til mangfaldet og ein triksekonkurranse i skulegarden.

Mette Paust-Andersen
Fjell ungdomsskule

Her er fleire bilete frå regnbogedagen på Fjell ungdomsskule

 

 

 

 


Publisert: 23.06.2017 13:33
Sist endret: 23.06.2017 13:39