Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell vart «Årets kulturkommune i Hordaland»

Litt før klokka 12 i dag kunne Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og kultursjef Lennart Fjell stiga fram til dirigentbordet i Hordaland fylkesting for å ta imot utmerkinga «Årets kulturkommune i Hordaland». Med denne prisen er Fjell kommune også kandidaten frå Hordaland til den nasjonale utmerkinga «Årets kulturkommune».

Frå venstre; Pål Kårbø, Marianne Sandahl Bjorøy og Lennart Fjell.
Frå venstre; Pål Kårbø, Marianne Sandahl Bjorøy og Lennart Fjell.


Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø overrekte prisen. Det var ein stolt ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som takka for utmerkinga.

- Det betyr utruleg mykje for oss å få ein slik pris, og det inspirerer oss mykje. Kulturavdelinga i Fjell har vore flinke til å inkludera dei frivillige, sa ordførar Marianne Sandahl då ho tok imot prisen. Ho lova at prisen skal få ein heidersplass i kommunen.

Fjell kommune får prisen mellom anna for brei kultursatsing som involverer mange gode krefter og god vilje hjå innbyggjarane i kommunen, både frivillige og private aktørar.

Heilskapleg satsing

Juryen grunngjev pristildelinga med at Fjell kommune gjennom ei tverrpolitisk overordna og langsiktig satsing har hatt kultur som prioritert arbeidsfelt. Kommunen har i ei årrekkje arbeidd for kulturarva og korleis denne skal takast vare på for komande generasjonar. Satsinga er utvida til å omfatte eit heilskapleg kultur- og idrettsområde.

Frå Norsk kulturforum heiter det fylgjande om prisen «Årets kulturkommune»: «Prisen Norges kulturkommune er en anerkjennelse av kommuner som jobber godt med hele bredden av kulturlivets utfordringer og muligheter, der både offentlige, frivillige og private aktører har sin plass og rolle i et helhetlig lokalt kulturliv». Fjell kommune skulle såleis vera ein god kandidat til den nasjonale prisen.

Årets kulturkommune er ei utmerking Norsk kulturforum (NOKU) tok initiativ til i 1992. Norsk kulturforum ønskjer gjennom prisen å synleggjera godt lokalt kulturarbeid. Juryen har vore sett saman av fungerande fylkesordførar Pål Kårbø, konstituert fylkesdirektør for kultur og idrett, Per Morten Ekerhovd og leiar i NOKU Hordaland, Gunnhild Utkvitne.

Les pressemeldinga frå Hordaland fylkeskommune her.




Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Bjarte Brask Eriksen, Hordaland fylkeskommune

 


Publisert: 08.03.2017 13:38
Sist endret: 08.03.2017 13:44