Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell vert Kulturbarn-kommune

Fjell vert eín av seks Kulturbarn-kommunar i landet. 42 kommunar hadde søkt om å verta med i prosjektet.

Illustrasjonsfoto

Kulturbarn 0-8 er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturtanken, Norsk kulturskuleråd og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Målet er å oppnå samarbeid internt i kommunane og finna måtar for å bruka kunst- og kulturfagleg kompetanse på tvers av institusjonane. Totalt vart det levert 32 søknader frå 42 nåverande kommunar. Nokre kommunar skal slå seg saman frå 1. januar 2020. Fjell kommune er ein av desse.

- Søknaden fortel oss at det vert gjort mykje godt arbeid på dette feltet rundt om i landet. Det var inspirerande å lesa så mange gode søknader, seier prosjektleiar for Kulturbarn 0-8 i Kulturtanken, Ragnhild Bøe, på vegner at styringsgruppa som har gått gjennom alle søknadene.

Det seks utvalde kommunane er plukka ut i samsvar med kriterium som er forankra i kommuneleiinga, samarbeidsfelt, geografi og fagleg kvalitet på søknaden.

Les meir på nettsida til Norsk kulturskoleråd.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Egil Hofsli


Sist endret: 07.03.2019