Facebook ikon Twitter logo Print side

FjellVAR på topp seks i tilstandsvurdering av vatn

Det kommunale selskapet FjellVAR AS hamna blant dei seks kommunane i landet som oppnådde god standard for alle vurderingskriteria for vatn. Det er Norsk Vann som har gjennomført tilstandsvurderinga både på vatn og avlaup.


Dagleg leiar i FjellVAR, Bjarne Ulvestad, har grunn til å vera nøgd med tilstandsvurderinga for vatn.

85 kommunar har delteke i tilstandsvurderinga, kalla «Bedre vann». Ifølgje Norsk Vann er standarden på vatn- og avlaupstenestene svært høg. Det er ikkje nok å sikra reint vatn i springen og i naturen.

- For å nå opp i konkurransen må det satsast på tryggleik, langsiktigheit og andre forhold i tenestene, seier direktør i Norsk Vann, Toril Hofshagen. «Årets kommune» vart Østre Toten som nådde høgt i vurderinga både for vatn og avlaup.

Les rapporten her.

Norsk Vann er ein interesse- og kompetanseorganisasjon for vassbransjen i Noreg. Norsk Vann er eigd av norske kommunar, kommunalt eigde selskap, driftsassistansar i kommunane og nokre private samvirkevassverk.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Publisert: 14.09.2017 13:52
Sist endret: 14.09.2017 14:05