Facebook ikon Twitter logo Print side

Fleire vil røysta på førehand

I tre-tida på måndag var det tilløp til kø ved røystelokalet i Fjell folkeboksamling. Frå i går av kunne folk nytta seg av tilbodet om å røysta i kommune- og fylkestingsvalet på førehand. Då biblioteket stengde dørene klokka 16, var det registrert 40 røyster.

No er det gjort! Ingrid Myksvoll Mongstad nytta høvet til å røysta på den første dagen for førehandsrøysting.
No er det gjort! Ingrid Myksvoll Mongstad nytta høvet til å røysta på den første dagen for førehandsrøysting.

Ei av dei som tok vegen til røystelokalet, var Ingrid Myksvoll Mongstad frå Haganes.

- Eg likar politisk engasjement, og det er spennande å følgja med. Alle har eit ansvar, og ved å røysta kan eg vera med og påverka samfunnsutviklinga, seier Ingrid.

Ved valet i 2015 var valoppslutnaden i Fjell på 57,2 prosent. No handlar det om kommuneval for Nye Øygarden kommune og Vestland fylke.

- Å, var det såpass få som røysta ved sist val. Det er viktig å engasjera seg, seier Ingrid.

Også Ine Berentsen frå Kolltveit nytta høvet til å røysta på den første dagen for førehandsrøysting. Ho står på lista til Arbeidarpartiet og var uoppfordra tydeleg på kva ho skulle røysta før ho gjekk inn i vallokalet som biblioteket har laga til. Denne dagen var Kenneth Johannessen og Maria Reisænen som var valfunksjonærar.

- Resultatet av valet vil styra kvardagen vår, seier Ine Berentsen.

Maria Reisænen forklarar Ine Berentsen korleis ho skal gå fram.Maria Reisænen (til høgre) forklarar Ine Berentsen korleis ho skal "gå fram".

Førehandsrøysting fram til 6. september

Det er høve til å førehandsrøysta til og med 6. september. Dette kan du gjera i den kommunen du sjølv ønskjer. Hugs å ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort eller liknande.) og gjerne valkortet du får tilsendt i posten. Det er ikkje noko krav om dette, men gjer arbeidet for valfunksjonæren lettare.

I Fjell kan du førehandsrøysta på Fjell folkeboksamling og på servicetorget i Fjell rådhus på Straume. Les meir om valet her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 13.08.2019