Facebook ikon Twitter logo Print side

Flott aktivitetsdag for barn i alderen sju til 12 år

Laurdag 12. august arrangerte Fjell frivilligsentral aktivitetsdag. Arrangementet blei betalt med midlar frå ein tidlegare aktiv frivillig som gjekk bort som ønskte pengar til ei sårbar gruppe framfor blomar i gravferda.



Desse midlane blei bestemt å bruka på barn mellom 7 – 12 år i inntektsfattige familiar som elles ikkje har råd til å reisa på ferie. I godt samarbeid med frivillige, BOF (Bergen og omland friluftsråd), Fjell-Ly, Skogtun Camping og andre kommunetilsette blei dagen svært vellukka.

Vi måtte gjera om på programmet i siste stund pga. véret. Det blei derfor ingen båttur til Hissøyna, bading og køyring med tube på sjøen som først planlagt. Vi kontakta heller bowlinga på Fjell-Ly berre ein time før vi var der. Leirstaden var eigentleg feriestengt, men dei stilte likevel opp då vi tok kontakt. Vi takkar for kjempegod service og is som alle fekk!

Vidare tok vi turen til Skogtun Camping der vi fekk fiske, grille og spela minigolf heilt kostnadsfritt. Det var heilt fantastisk når sola også titta fram.

Frå aktivitetsdagen

Alle barna storkoste seg og vi håpar dei kan starte på skulen med noko kjekt å fortelja venene sine om.

Tusen takk til alle som gjorde denne dagen mogleg å få til!

Stine Sanden
Dagleg leiar, Fjell frivilligsentral

 


Publisert: 14.08.2017 14:11
Sist endret: 14.08.2017 14:39