Facebook ikon Twitter logo Print side

Flytedokk på Ågotnes gjev ny aktivitet

CCB på Ågotnes har inngått kontrakt med Marin Eiendomsutvikling om kjøp av «Dokken på Laksevåg».


"Dokken på Laksevåg"

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, gler seg over at «Dokken» kjem i drift på Ågotnes.

- Dette er kjempespennande. Dette vil gje ny aktivitet, og dette er noko vi treng når arbeidsløysa er høg i regionen. Det betyr mykje for regionen at det kjem nye industriarbeidsplassar som ikkje berre er olje- og gassrelatert, seier ordføraren.

Ifølgje ei pressemelding frå CCB har det vore ei målsetting for både kjøpar og seljar at aktiviteten som «Dokken» representerer vert vidareført. Kjøpet av flytedokka er eit ledd i vidareutviklinga innan reperasjon og klassing av riggar, noko som CCB har drive med i mange år. Bedrifta har som eit langsiktig mål å gå inn i marknaden for vedlikehald av skip og fartøy i bergensregionen.

Trur på marknaden

- Vi har tru på marknaden for skipsvedlikehald og har fått positive tilbakemeldingar på denne satsinga. Ved å sikra oss dokka vil vi i løpet av 2018 verta i stand til å starta opp med vedlikehaldstenester i stor skala retta mot skip og fartøy langs heile kysten på norsk sokkel, seier administrerande direktør i CCB, Kurt R. Andreassen.

Dokka er planlagt ankra opp på Ågotnes i løpet av august, og utover hausten vert det gjennomført eit omfattande vedlikehaldsprogram av tekniske installasjonar og utvendig maling av skroget.

- Med denne nyvinninga kan det gjerne skapast arbeidsplassar for nye yrkesgrupper, som til dømes fagarbeidarar, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Slepet av dokka skal etter planen starta onsdag ettermiddag. Det er venta at slepet vil ta sju-åtte timar. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 15.08.2017 22:24
Sist endret: 15.08.2017 22:30