Facebook ikon Twitter logo Print side

Foldneselevar samla inn mest batteri i Hordaland

Klasse 4b var den flinkaste klassen i Hordaland til å samla inn batteri i Batterijakten. Når resultatet av konkurransen i mars vart kjent, viste det seg at elevane hadde samla inn 32,3 kilto batteri pr. elev.

Arkivfoto. Lærar Inge Fagerli har sans for konkurransar. Biletet viser innsatsen frå elevane i ein mattekonkurranse. Denne gongen handla det om innsamling av batteri.
Arkivfoto. Lærar Inge Fagerli har sans for konkurransar. Biletet viser innsatsen frå elevane i ein mattekonkurranse. Denne gongen handla det om innsamling av batteri.

Lærar Inge Fagerli er imponert over innsatsen til elevane. Totalt vart det samla inn 743 kilo i Batterijakten.

- Elevane engasjerte heile nettverket sitt med foreldre, tanter og onklar. Dei gjekk på dørene og henta batteri i nabolaget. Målet med dette er å skapa miljøengasjement og å få både elevane og oss vaksne til å forstå at dette er avfall som skal leverast inn, seier Fagerli.
Dei fleste batteria som elevane på Foldnes skule har samla inn, vert levert hjå Clas Olsson på Straume og miljøstasjonane.

- Det er viktig å hugsa på at alle som sel elektriske artiklar, er forplikta til å ta imot batteri, seier Fagerli.

Det er ikkje opplyst konkret kva premie elevane vil få. Det er opplyst at premien vert utstyr til miljøfremjande tiltak.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 11.04.2019