Facebook ikon Twitter logo Print side

Følgjer opp brann på gamle Syltøy skule

Fjell kommune tek sikte på å få gymnastikkbygget ved gamle Syltøy skule tilbake i god stand etter brannen i går.

Brannen har gjort skadar i taket i gymnastikksalen.
Brannen har gjort skade på i taket i gymnastikksalen.


Litt etter klokka 13 vart det meldt om brann i taket på gymnastikksalen. Ein time seinare meldte Sotra brannvern at brannen var sløkt.

Eigedomssjef Bjørn Erik Kristiansen opplyser at politiet gjennomfører undersøkingar  dag.

- Vi skal innhenta takstmenn for å få oversyn over skadeomfanget og kva det vil kosta å setja bygget i stand igjen, seier Kristiansen.

Syltøy skule vart lagt ned frå hausten 2013. Etter planen skal grendalaget overta gymnastikksalen og areal som er knytt til dette bygget. Etter planen skulle kontrakten for overtaking av bygget underteiknast om kort tid.

Gymnastikkbygget


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Arne Monsen


Publisert: 16.01.2017 11:24
Sist endret: 16.01.2017 11:29